Det er snart eitt år sidan vedtaket om skilting i Rødsliane vart fatta.
Det er snart eitt år sidan vedtaket om skilting i Rødsliane vart fatta.

Har fått nok av trailer-krøll

Politiet må rutinemessig rykkja ut til Rødsliane for å rydda opp etter trailerar som har sett seg fast. No lovar Vegvesenet fortgang i skilting.

Fleire har sett seg leie av at trailersjåførar - ofte vinterstid og utstyrt med GPS - prøver å ta seg gjennom Rødsliane på veg mot Voss eller Norheimsund.

Politiet må rutinemessig rykka ut for å få sjåførane på rett spor att, og vedtak er fatta om at betre skilting skal på plass. Så langt har ingenting skjedd.

Artikkelen held fram under annonsen.

No krev Terje Myking ved teknisk drift i Os kommune fortgang i saka.

- Det er snart eitt år sidan vedtaket vart gjort, og skilta har ikkje vorte sett opp, skriv han i brev til Vegvesenet.

8. juni kom svaret frå Elisabeth Hagen Zeil.

- Eg har purra på saka hjå dei som skal utføra jobben, og satsar på at skilta kjem opp i løpet av kort tid.