Ida Skaathun Blindheim, Michelle Beracis Hansen, Stian Kvåle, Tuva Søreide Solberg og Marthe Gåssand. Amanda Troøyen har også skrive kontrakt, men var ikkje til stades.
Ida Skaathun Blindheim, Michelle Beracis Hansen, Stian Kvåle, Tuva Søreide Solberg og Marthe Gåssand. Amanda Troøyen har også skrive kontrakt, men var ikkje til stades.

Rekrutterer stort frå eigne rekkjer

Det kan koma nokre spanande og overraskande signeringar til damelaget til Os/Nore Neset, men også fleire unge, lovande jenter er henta opp i A-stallen.

– Vi får mest sannsynleg ein spelar med Toppserieerfaring på prøvespel neste veke. Ho verkar positiv, men ønskjer sjølvsagt å sjå korleis det er hos oss før ho tek eit avgjerd. Det er også ein spelar som skal trena med oss denne veka, som også vurderer å slutta seg til oss, seier damelagstrenar, Stian Kvåle.

Fem frå eigne rekkjer

Kvåle har vore involvert kring damelaget sidan i fjor haust, før han tok over som hovudtrenar i slutten av oktober. Han fortel at det i haust har vore variabelt oppmøte. Alt frå 10 til 16 spelarar på trening. No tel troppen over 20 spelarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi skal også ha eit sjuarlag denne sesongen, så såpass bør vi vera. Vi har signert kontrakt med Marthe Gåssand, Tuva Søreide Solberg, Ida Skaathun Blindheim, Michelle Beracis Hansen og Amanda Troøyen. Dei er J17-spelarar, som var mykje med A-laget i fjor, men som no skal vera med oss fast. Vi skal i tillegg ha fleire J17-spelarar på hospitering, seier Kvåle.

Egil Thuen som assistent

Det skal vera mange flinke jenter å velja mellom, då samarbeidslaget Nore Neset/Os har ein brei tropp.

– Det er mange flinke fotballspelarar. Vi ser fram til at fleire av dei skal få visa seg fram, og prøva seg på A-lagsnivå, seier Kvåle.

Kvåle får med seg tidlegare Os-spelar Egil Thuen som assistenttrenar.
Kvåle får med seg tidlegare Os-spelar Egil Thuen som assistenttrenar.

– Kor mange nye spelarar er du på utkikk etter før sesongen startar?

– Vi er alltid på utkikk etter spelarar som kan koma inn og heva laget. Eg ser føre meg at vi kjem til å få inn i alle fall to eller tre, seier Kvåle, som har fått med seg ein assistenttrenar han kjenner godt frå før av.

– Det er veldig kjekt å få inn ein type som Egil Thuen. Han har erfaring som trenar for gutelag i Lysefjorden, og har god kunnskap om særleg den offensive delen av spelet.