Seier nei til ny ishall
Ordførarkandidat for Os Høgre, Marie Bruarøy, ser ikkje behovet for ishall på Søfteland per no.
- Os Høgre har ikkje dette i sitt program. Det er det ulike grunnar til, seier Bruarøy og legg til:
- Tidlegare når me har hatt spørsmål om regulering på Søfteland, så har det vore snakk om fleirbrukshall, ikkje ishall. Me var i gang med Kuventræ-planane, og innstilte på at det er der me må samla krefter. Det er ei stor investering å gjera der, og me kan ikkje byggja idrettshallar i alle krinsane i kommunen, seier Bruarøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kven tek straumrekninga?
I mai omtala «Os og Fusaposten» planane til Framstegspartiet om ny ishall. I den saka kom det fram kva kostnader som følgjer med bygginga av ishallen, og drifta vidare.
- Det som uroar meg mest er driftskostnadene. Kven skal ta den årlege straumrekninga på 700.000 kroner? Os kommune har ikkje råd til å betala noko slikt, seier Bruarøy.
Fokus på kvalitetsheving i tenestene
Varaordføraren meiner det er viktigare ting å fokusera på, som kvalitetsheving i tenestene.
- Det er eit stort behov, særskilt innan skule. Der har me starta på eit arbeid, som me meiner det bør leggjast endå meir kraft i, seier ho.
Den korte avstanden til Slåtthaug isbane, er òg eit argument for at det ikkje er eit brennande behov for ishall på Søfteland. Os Høgre har stemt for tak over isbanen i fylkesprogrammet til Hordaland Høgre.
- Ein biltur frå Søfteland til Slåtthaug tek berre 15-20 minutt. Det er dessutan andre tilsvarande tilbod i Bergen, seier Bruarøy og legg til:
- Det er ikkje umogleg at det blir behov for ein ishall i Os, men på noverande tidspunkt trengst det ikkje. Me må få framlagt konkrete planar med oversikt over kostnad for driftsplanar før me kan ta stilling til eit så kostbart prosjekt, seier Bruarøy.
- Utfyller arenatilbodet i Os
Siste me omtala ishall-planane understreka ordførar Terje Søviknes at han vonar at alle partia kan stilla seg bak initiativet. Frp sitt samarbeidsparti Høgre, ser ikkje ut til å gjera det per no.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Om me etter valet hamnar i ein situsasjon der Frp og H framleis har fleirtal, noko me sjølvsagt håpar på, så vert denne saka eit viktig forhandlingstema for oss, seier Søviknes.
Han fortel at dei har sett på dei økonomiske utfordringane med ein ishall, og meiner at det er realistisk å kunna gjennomføra prosjektet. Ein ishall vil også utfylla arenatilbodet i kommunen.
- Me får fleire idrettsgreinar representert i Os. Hallen vil vera eit godt tilbod til dei som søkjer eit alternativ til fotball og handball, som er populært, men det er ikkje alle som er interessert i det, seier Søviknes og legg til at hallen vil appellera til eit breitt publikum i heile bergensregionen, ikkje berre i Os.
Når det gjeld straumutgiftene meiner Søviknes at ein må sjå på det totale bilete. Om ishallen vert ein realitet, vil dei sjå på høva til å kopla andre bygg mot ishallen, slik at ein kan syta for god attvinning av energien som vert produsert.