Regissøren frå Os, Andrè Øvredal, er klar for førpremiere på Bergen Kino i dag med sin nye film, skrekkfilmen "The Autopsy of Jane Doe". No får han uventa skryt frå sitt store idol, Stephen King. (Arkiv
Regissøren frå Os, Andrè Øvredal, er klar for førpremiere på Bergen Kino i dag med sin nye film, skrekkfilmen "The Autopsy of Jane Doe". No får han uventa skryt frå sitt store idol, Stephen King. (Arkiv

Får skryt av skrekk-kongen

Stephen King er tydeleg nøgd med jobben André Øvredal har gjort med sin nyaste film The Autopsy of Jane Doe. Øvredals store idol har nemleg lagt ut skryte-melding på Twitter.

- Eg håpar alltid på god kritkk får kritikarane, men at Stephen King ser filmen og liker den såpass at han skryter om han på Twitter, det går ikkje an å drøyma om ein gong. Han har til og med samanlikna filmen med historiske klassikarar. Eg har ikkje ord, seier regissøren frå Os, André Øvredal.

Det var Bergensavisen som omtalte saka først.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heimsøking på likhuset

Skrekkforfattaren Stephen King har lagt ut tweeten som ein kan sjå innfelt i biletet over. Der står det: THE AUTOPSY OF JANE DOE: Visceral horror to rival ALIEN and early Cronenberg. Watch it, but not alone.

Altså er filmen etter Kings meinings så skummelt bra at ein ikkje bør sjå han åleine.

I kveld er det førpremiere på Bergen Kino på osingens nye film. Filmen handlar om ei ukjend kvinne som blir funnen drepen i ein småby i Virginia. Samstundes startar fryktelege og uforklarlege hendingar å heimsøka eigarane av likhuset som er pålagt å utføra obduksjonen. Patologen Tommy Tilden og sonen Austin finn bevis som tilseier at kvinna skal ha blitt utsett for gamal torturteknikk. Då dei så blir fanga i likhuset på grunn av ein grufull storm, finn dei seg snart i ein kamp mot dei vonde kreftene.