Politiet i Os har ikkje noko nytt å melda i samband med etterforskinga av det som skal ha vore ei overfallsvaldtekt på Brimsholmen for snart ein månad sidan. (Arkivfoto)
Politiet i Os har ikkje noko nytt å melda i samband med etterforskinga av det som skal ha vore ei overfallsvaldtekt på Brimsholmen for snart ein månad sidan. (Arkivfoto)

- Etterforskar framleis for fullt

Overfallsvaldtekta på Brimsholmen på Lepsøy har framleis førsteprioritet for politiet i Os.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Audun Hadler-Olsen, held etterforskinga fram for fullt.

- Vi arbeider framleis i lag med Kripos, fortel han.

Onsdag kveld skreiv BT og BA at det skal ha vore to menn involvert i hendinga. Avisene skreiv mellom anna at kvinna skal ha forklart at ein ukjent mann tok seg inn i huset der ho var, og gjennomført valdtekta. Han skal deretter ha forsvunne frå staden i ein bil i lag med ein annan mann.

- Vi har ikkje gått ut med noko nytt i saka, seier Hadler-Olsen.

Han ønskjer ikkje å kommentera saka ytterlegare.

Valdtekta, som av politiet vert karakterisert som ei overfallsvaldtekt, skal ha funne stad på Brimsholmen på Lepsøy 16. februar.

25. februar gjekk politiet ut og sa at dei ønskte tips i samband med saka. Politiet bad om tips både om personar og køyretøy som var observerte i det aktuelle området.

- Eventuelle observasjonar av ein mørk bil er av interesse, sa politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tips kan rettast til Os lensmannskontor på 99 08 16 62 eller 02800.