Ny høgderekord for planlagde sentrumsblokker
Med blokker på 6 etasjar vil ByggConcept sitt prosjekt på Lien-tomta setja rekord, og kanskje presedens for bygging i sentrum.
ByggConcept vil byggja 56 husvære i tre blokker opp mot seks etasjar. Maksimal mønehøgd vert 26 meter over havet.
- For dei høgste bygga vil ein nå seks etasjar, eit etasjetal som ikkje finst for nokon bygg i Os sentrum i dag, påpeikte administrasjonen i saksutgreiinga. Høgda er også over nivået sett i overordna planar for området.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dersom politikarane godkjenner dette, er det ein god sjanse for at framtidige utviklarar vil krevja å få byggja like høgt.
- Ein må vera medviten om at godkjent plan vil (kunna) setja presedens for framtidig handsaming av planar i sentrum når det gjeld byggjehøgd, skreiv administrasjonen.
Samanlikna med Os Sjøfront
På grunn av høgda er det nokre naboar som mistar noko utsikt. Espen Aspenes (Frp) samanlikna med protestane kommunen mottok kva gjaldt Os Sjøfront.
- Dei som ligg bak Os Sjøfront tapte også skråutsikta ned til hamna. Det vil vera tilfelle her også. Men eg ser det som ein naturleg og naudsynt konsekvens av ei ønska fortetting i sentrum, sa Aspenes.
- Vil ikkje sjå så høge ut
Plankonsulent ABO Plan & Ariktektur la vekt på at dei har forsøkt å redusera inntrykket av dei store blokkene ved god terrengtilpassing.
- Når ein har med til dels store bygg å gjera, er det viktig å tilpassa terrenget godt på oppsida av bygningen. Det gjer at frå Hatvikvegen ser ikkje bygningane så høge ut. Ein ser i staden ned i tunet, sa Jan Haaland frå ABO, og la til at berre tre husvære vil vera plassert i 6. etasje.
Vidare peikte han på at dersom 40.000 osingar skal bu i Os i 2040, vil fortetting kring elvemunningen vera ein naturleg del av dette.
- For å styrka tettstadutviklinga må me ha ein optimal utnyttingsgrad i prosjektet, og så mange bebuarar som mogleg, sa Haaland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gatetun og snarveg
All parkering blir under jorda. Ved å gjera Hamnevegen om til gatetun er vona at ein skaper gode tilhøve både for bilistar og fotgjengarar.
- Eit gatetun vert etablert på fotgjengarar sine premiss, men bilar har lov å køyra og parkera der. Vona er det kan bli eit vrimleareal med universell utforming, sa arealplanleggjar Åshild Blomdal frå ABO.
Det blir dessutan lagt opp til å etablera ein snarveg tvers gjennom tunet for besøkjande som kjem frå Hatvikvegen.
Uteopphaldsarealet er på 25 kvm per bueining, noko som er under kravet. Men gatetunet er tenkt å bøta på dette.
Trafikkstøy
Ei utfordring på tomta er trafikkstøy. Med 8.000 bilar som passerer kvar dag vil støyen i husværa nærast vegen bli over grensa for raud støysone. Dette har plankonsulenten føreslått å løysa ved å plassera soverom og stove på den sida som vender vekk frå vegen. Der er støynivået under 55 dB, og dermed godt nok. Utandørs er det sett krav til støyskjerming.
Utsett for synfaring
Politikarane tykte informasjonsrunden frå ABO var god, men Arbeidarpartiet gav uttrykk for at dei ønskte å sjå på tomta før dei godkjende henne. Saka vart difor utsett for synfaring.