Marta Jazczyk og Andrzej Golucki gler seg over å kunna etablera Fusa Data Service i Os. Dei to trur det er stor marknad og etterspurnad etter kyndig datahjelp i bygda.
Marta Jazczyk og Andrzej Golucki gler seg over å kunna etablera Fusa Data Service i Os. Dei to trur det er stor marknad og etterspurnad etter kyndig datahjelp i bygda.

Fusafirma etablerar datahjelp-teneste i Os

Eitt år etter at han opna Fusa Data Service på Fjord'n Senter er Andrzej Golucki klar for å tilby tenesta også i Os.

Andrzei Golucki kom til Noreg frå Polen for fem år sidan. Sidan den tid har den ingeniør-utdanna polakken jobba ei rekkje plassar. Det siste året har han hatt to jobbar på ein gong.

- Eg jobbar mykje, og liker å ha det slik. Fusa Data Service er ettermiddags- og helge-jobben min. På dagtid jobbar eg på Frank Mohn Fusa, seier Golucki.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utivdar staben

Med lang erfaring frå databransjen i heimlandet og i Tyskland er Golucki blitt svært datakyndig. Etter å ha budd i Noreg ei stund, fann han det naturleg å tilby kunnskapen til dei som måtte trengja hjelp.

I mars opna han Fusa Data Service i Fjord'n Senter. No vil han tilby tenesta også til osingane.

- Eg vil framleis halda fram med å jobba på Frank Mohn, men på ettermiddagane vil eg jobba litt i Os og litt i Fusa. I Os er eg så heldig å ha fått med meg Marta Jaszczyk. Ho er svært flink med data, og kjem til å vera den som oftast tek imot eller reiser ut til kundar i Os, seier Golucki.

Marta jobbar til dagen som miljøterapeut på Kuhnle. Også ho er frå Polen.

- Eg har inga formell IT-utdanning som Andrzej, men eg har jobba med data og fiksa datamaskinar sidan eg var 15. Etter kvart har eg blitt ganske så flink, må eg seia, smiler Marta.

Ambulerande

Fusa Data Service vert frå midten av februar å finna i tredjehøgda i Fagerthun-huset på Osøyro.

- Dette er ein sentral fin plass å ha hovudbase. Marta eller eg skal vera å treffa her ettermiddag i vekene, samt nokre timar om laurdagen, seier Golucki.

Datafirmaet tek sjølvsagt også oppdrag heime hos kundane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, det er blant dei viktigaste jobbane me gjer. Me installerer, konfigurerer internett, utfører skjermbyte, ordnar PC-ar og lagar tryggleikskopiar av viktige data for folk. Dessutan tilbyr me også hjelp til å laga heimesider, fortel Golucki.

- Me ser at det er større og større behov for hjelp innan datatenester og håpar å finna marknad for dette her i Os også. No byrjar me i det små, så vurderer me å utvida opningstida og moglegvis tilsetja fleire dersom etterspurnaden vert stor, seier firma-eigar Golucki.