Satsar på å ta pusten frå publikum
Laurdag om ei veke inviterer medlemene av koret Kor(t)pusten til jubileumskonsert hjå Skjelbreid Poirée. På repertoaret står alt frå salmar og Tom Waits til ulike shownummer.Camilla Kvamme
- Vi har ikkje gjort så mykje ut av dei andre jubilea, så vi hadde lyst til å gjera litt ekstra denne gongen. Konserten vert litt annleis enn korkonsertar plar vera, fortel Elin Kvinge.
I 1990 vart koret Kor(t)pusten etablert. Koret var opphavleg del av revygruppa til Eikelandsfjorden ungdomslag, og var eit blandakor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter nokre år i revygruppas teneste, og ein liten pause, gjenoppstod koret som eit reint damekor.
- I dag er vi om lag 20 medlemer. Det er mange som har vore med opp gjennom åra. Men damer flest treng jo ein pause i samband med fødslar til dømes. Dei som har lengst fartstid er Kjellaug Raunsgard og Hildegunn Austestad, fortel Kvinge.
Sjølv har ho ikkje vore med så lenge. Eller...
- Når eg tenkjer meg om, byrjar det vel å nærma seg ti år, seier ho og ler.
Mingling, latter og song
I samband med jubileumskonserten, har koret leigd lokale hjå Skjelbreid Poirée. Der er det ifølgje Kvinge veldig god akustikk.
- Vi får mykje igjen for den jobben vi har gjort på øvingane, seier Kvinge.
Kordamene starta å øva til konserten i vår. Frå i haust har arbeidet vorte intensivert. Songar av Tom Waits og Ola Bremnes, samt eigne shownummer er noko av det publikum kan gle seg til.
- Det vert mykje variert og fin song, i tillegg får nok publikum seg ein god latter, avslører Kvinge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kor(t)pusten har nemleg fått Astrid Skåtun Rysjedal og Britt Mari Gjerde til å vera programleiarar. I tillegg vert det eit musikalsk innslag av Kristin Mjånes Myklebust.
- Det vert ein hyggjeleg kveld med latter, mingling og song. Publikum får òg høve til å ta medaljane og pokalane til skiskyttarane våre nærare i augesyn, slår Kvinge fast.
Gler seg kvar veke
Kvinge fortel at korsongen gjev henne utruleg mykje glede og energi.
- Å syngja åleine er kjekt, men å syngja saman med andre er noko heilt anna. Det er ei fantastisk kjensle når vi får det til å låta bra, seier ho.
Kvinge gler seg til kvar tysdag når det er øving. Damene møtest ein halvtime før øvinga startar for å prata og drikka kaffi og te.
- Medlemene kjem frå alle kantar av kommunen, fortel ho.
På spørsmål om kva som er hennar beste korminne, fortel Kvinge om julekonsertar, nyttårskonsertar, landsstemne og «Syng i Sydvest»-arrangement som koret har delteke i, men det ho set aller størst pris på er...
- Eg må nesten seia øvingane. Då har ein noko å gle seg til kvar veke, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Korleis ligg de an i forhold til laurdagenskonsert?
- Vi er der vi skal vera. Det betyr at vi er nøydde til å skjerpa oss litt for å få det til. Vi har det inne, men vi må halda fokuset, og ta dei siste skritta for å koma i mål, konkluderer Kvinge.
Dirigent for koret er Maria Louise Lister Midtrød.