Ulukke på Søfteland
Ein personbil og lastebil har kollidert på Søfteland. Oppdatert: Vegen er opna att etter redningsarbeid.
Det melder politiet på Twitter.
Naudetatar er på veg til ulukkesstaden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Samtlege personar i dei involverte køyretøya har kome seg ut. Føraren av personbilen har vondt i brystet. Køen står i begge retningar. Bilberging er rekvirert..
Førrar og passasjer i personbil er sendt til Haukeland i ambulanse. Vegen vil bli stengt inntil vidare. Redningsarbeid pågår.
Lastebilen står heilt ute i vegkanten og skal stå i fare for å velta. Bergingsarbeidet er venta å vara til i alle fall 18.30. Omkøyring er via Fanafjellet.
Oppdatert: vegen er no opna att.