Berre bæsj, tiss og toalettpapir skal i do, ikkje vaskeklutar, våtserviettar eller tørkepapir. (Illustrasjonsfoto)
Berre bæsj, tiss og toalettpapir skal i do, ikkje vaskeklutar, våtserviettar eller tørkepapir. (Illustrasjonsfoto)

Innbyggjarane må betala for tette avløp

På Søfteland skyl nokon stadig ned tøyvaskeklutar i toalettet. Det fører til tette avløp, og rekninga fell til sjuande og sist på dei som betalar vass- og kloakkavgift.

Teknisk drift må stadig rykka ut til pumpestasjonar som har stoppa rundt om i kommunen. Pumpene for avløpsvatn stansar dersom det til dømes kjem våtserviettar eller bleier inn i systemet.

Den siste tida har spesielt to område i kommunen hatt hyppige problem med avløpsnettet. Som nemnd er det nokon på Søfteland som stadig skyl tøyvaskeklutar ned i toalettet. Tøyklutar løyser seg ikkje opp, og om dei ikkje forårsakar tett toalett hos syndaren der og då, gir det trøbbel vidare på ferda.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Berre tre ting skal i do

I Kuvågen er det noko anna som stadig skapar problem i avløpsrøyra, nemleg store mengde våtserviettar og tørkepapir. Kvar gong eit avløpsrøyr går tett, må Teknisk Drift ut for bokstavleg talt å løysa opp i problemet.

- Det tek tid å reinsa pumpene. Av og til blir dei øydelagde av blokkeringane, og då kostar det mange pengar å erstatta dei. Rekninga fell til sjuande og sist på alle som betalar vass- og kloakkavgift. Det er synd at vi må bruka store ressursar på å ordna opp i problem som så enkelt burde vore unngått, seier teknisk sjef i Os kommune, Marianne Kramer, og minner nok ein gong om dovettregelen.

- Berre tre ting skal i do: Bæsj, tiss og dopapir.