Kven skjular seg bak forhenget?
Ei heldig kvinne frå Os fekk seg ei stor overrasking i går. Os sentrum går saman om å gjera ho ny til Damenes aften neste veke.
- Nei, er det sant? Eg seier ja takk, seier kvinna, som me ikkje kan avsløra namnet på.
15 søkjarar
Tove Tvedt Skarstein har teke initiativ til "Damenes aften", som blir arrangert av Os Sentrum. Jenter og kvinner har i år blitt oppmoda til å søkja om å få "bli ny". Laurdag gjekk søknadsfristen ut, og kvinna som vart vald ut av dei totalt 15 søkjarane kom måndag til Madam Ane uvitande om kva som venta ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg blei litt sett ut no, seier ho etter å ha fått beskjeden om at ho skulle få bli ny.
- Er det litt skrekkblanda fryd, spør Skarstein?
- Ja, det kan du godt seia.
Jury valte vinnaren
Tvedt Skarstein fortel at ho har oppmoda enkelte til å søkja. "Vinnaren" er faktisk ein av dei.
- Eg var innom for å kjøpa billettar til arrangementet då Tove spurde meg om eg hadde søkt om å få bli ny.
- Eg har tipsa eit par om å søkja, eller spurt dei om dei har søkt. Det er ikkje mange lotteri der ein har så stor vinnarsjanse til å få så fine premiar, seier ho.
Tvedt Skarstein har ikkje vald vinnaren åleine, men saman med ein jury frå Os Sentrum.
Gullsmykke er prikken over i-en
Det vert ei travel veke for bli ny-kvinna. Ho skal til frisøren, og ho skal dressast opp i to nye antrekk, eitt til fest og eitt til kvardags. Ho må sjølvsagt ha sko til desse antrekka også, og briller eller solbriller som matchar. Dessutan skal ho få hudpleie og sminke, og ikkje minst eit gullsmykke.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Gullsmykket er prikken over i-en, seier Tvedt Skarstein.
Aldri vore med på liknande
Det var tydeleg at beskjeden om at ho var blitt vald ut, ikkje var noko kvinna hadde budd seg på. Medan me knipsa nokre "før-bilete", kunne ho fortelja at ho gler seg, men at ho også er nervøs. Ho skal trass alt visa fram sitt nye eg framfor opp mot 200 damer neste tysdag.
- Eg har aldri vore med på liknande. Det er både spanande og skummelt. Eg gler meg til å sjå resultatet, seier ho.
I skrivande stund er over halvparten av billettane selde, og det spørst om ikkje ein må vera om seg om ein ønskjer å få med seg arrangementet i Kløvertun. På den korte tida me var hos Madam Ane, var det fleire som var innom for å sikra seg.
- Me har selt over halvparten av billettane på nokre dagar. Det er stort sett Damenes aften det har blitt snakka om med kundane i dag. Me gler oss til tysdag, seier Tvedt Skarstein.