Får strålande kritikkar for debutalbumet
Fusa og Os-kollektivet Mighty Magnolias får strålande kritikkar for «Somewhere North Of Nowhere». No er countrybandet klar for vegen.
Kenneth Svenningsen
kenneth.svenningsen@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
- I dagens musikkmarknad handlar det om å koma seg ut og spela. Plateinntektene er minimale, men effekten av å gje ut ei plate som får gode kritikkar er likevel uvurderleg, seier vokalist Ine Tumyr.
Låtskrivar og hovudvokalist Emil André Nordtveit er samd.
- Bandet har eksistert i tre år, men det er først med denne debutplata at me føler me verkeleg er i gang. Så langt har alle tilbakemeldingar vore gode, og til og med - i nokre tilfelle - veldig gode, seier Nordtveit.
Han tenkjer då på meldinga i Musikkbloggen og i Romerike Blad der plata fekk terningkast seks.
Duettpar
Mighty Magnolia vart ein realitet etter at dei tidlegare ORBO & The Longshots-medlemene, og søskena Ine og Stian Tumyr møtte Emil på ein festival i 2013. Sidan fekk dei med seg Emils musikk-kompisar frå Fusa, brørne Erik og William Rolland.
- Bortsett frå William bur me no i Os heile gjengen. Det er meir praktisk å bu her. Spesielt om me skal til Bergen eller ut og reisa med fly, seier Emil.
Han er kjærast med Ine og bur i lag med ho på Lekven.
At dei to matchar kvarandre bra, kan ein også høyra på plata. Stemmene kler kvarandre svært godt og løftar fleire av låtane til nye høgder.
Artikkelen held fram under annonsen.
God match
«Somewhere North Of Nowhere» vart til i Snaxville Studio utanfor Kongsvinger sist sommar. Plata er produsert av brødreparet Amund og Henrik Maarud.
- Det freistar absolutt til gjentaking. Det var ein fryd å spela inn plata i lag med to så profesjonelle og flinke produsentar. Så snart me er ferdige med sommarens spelejobbar, skal me tilbake og byrja på plate nummer to, slår Emil fast.
- Så de har nok låtar til nytt album allereie?
- Ja, eg har vore inne i ein kreativ periode no. Då kjem det mange, smiler Emil.
På debutplata har han skrive samtlege ti låtar, nokre av dei med god hjelp av Ine.
Full program
Men før det vert ny plateinnspeling skal dei ut på vegen og promotera låtsamlinga dei nett har fått trykt opp og sleppt ut digitalt. Først vert det eit par mindre spelejobbar for firma og på privatfestar. Deretter vert det større jobbar både i inn- og utland.
- Det første store er Vesteräs City Festival 1. juli. Der skal me spela på ein eige scene laga for band og artistar som spelar country-inspirert musikk, fortel Ine.
- Deretter skal me tilbake til ER-AN Veikro å spela under 4. juli-markeringa der. Det gjorde me i fjor også, og det var veldig morosamt, legg Emil til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare skal bandet til Rosendal.
- Det blir ein Mighty Magnolias med vener-gig, skyt Erik inn.
- Ja, konserten vert i Snikkeriet og me kjem til å ha med oss ein god del vener og kjente som også skal spela, så den konserten gler me oss ekstra til. Håpar osingar og fusingar finn vegen, seier Emil.
Til utlandet
Om alt går som bandet håpar, vert det også ein kort utanlandsturné før sommaren er over.
- Manageren vår i Oslo har "hooka oss opp" med ein kanadisk artist ved namn Evan Murray. Slik det ser ut no skal me gjera ein del konsertar i lag med han både i Sverige, Polen og Tyskland i løpet av august månad, fortel Ina.
- De virker veldig ambisiøse. Kva er bandets langsiktige mål?
- Med denne debutplata har me nådd første milepåle, men det er klart at på sikt, så ønskjer me å gjera dette til ein leveveg - at me vert såpass etterspurde at me kan leva av å reisa rundt og spela og laga plater, konkluderer trioen som var innom «Os og Fusaposten» denne veka.