Båt funnen på rek i Lygrepollen
Ei jolle er funnen på rek i Lygrepollen. Politiet ønskjer kontakt med eigar.
Tysdag føremiddag vart Fusa lensmannskontor kontakta av nokon som hadde sett ei jolle på rek i Lygrepollen. Meldarane trur båten kan ha slitt seg frå ei kai ved nokre av hyttane i området.
- Båten er kvit og er av merket Walker Bay Boats. Sist me melde frå om ei slik sak i «Os og Fusaposten» fekk me raskt kontakt med eigar. Me håpar det same skjer denne gongen, seier Kjartan Svendsen ved Fusa lensmannskontor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Defekt fyrtårn
Onsdag morgon kunne han også melda om eit defekt fyrtårn i Eikelandsfjorden.
- Det er fyrtårnet på Kvålsneset mellom Bergegrend og Eikelandsfjorden som er ute av stand. Årsaka skal vera ei defekt pære. Me har meldt frå om dette til Kystverket. Dei er no på saka, meldar Svendsen i frå Fusa.