Ber spøkelsa bruka refleks
Det er ikkje berre naboane som får seg ein støkk når ungane er ute for å få tak i snop på Halloween.
Måndag er det Halloween, enten ein likar det eller ikkje, og denne kvelden morer mange born seg med å gå rundt i kostyme og skremma naboar og kjende.
Det er òg mange bilistar som får seg ein støkk når dei køyrer langs vegen denne kvelden. Born i mørke kostyme er veldig vanskelege å sjå no som det er så mørkt om kvelden.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I mørke kostyme utan refleks, er det nesten umogleg for ein bilist å få auge på borna, sjølv med gatebelysning, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.
Om du bruker refleks, blir risikoen for å bli påkøyrd redusert med 85 prosent, for sjølv om barnet ser bilen, er det ikkje sikkert at "bilen ser barnet".
- Kle borna med refleks eller sy inn refleksar i kostyma. Med litt kreativitet kan det bli kule effektar som gjer det moro for borna å gå med refleks, seier Voll.
- Mange har refleksar liggjande i skuffer og skap til inga nytte. Har du ein til overs, gje han saman med godteriet og sørg for at borna trygt kan ha det moro på Halloween, legg han til.
I tillegg oppfordrar ha samtidig om at både små og store skal droppa klovnemaska denne dagen, sidan det kan opplevast skremmande.
Dei siste fem åra er det blitt meldt om 280 påkøyrslar av fotgjengarar i Hordaland. 35 prosent av alle fotgjengarulukker skjer når det er mørkt, og berre om lag 5 prosent av dei som blir skadde bruker refleks. Kvart einaste år døyr det i gjennomsnitt mellom 10 og 20 fotgjengarar i trafikken i Noreg. Rundt 100 fotgjengarar blir alvorleg skadde, medan om lag 450 blir lettare skadde.
- Utan refleks er du synleg først på 25-30 meters hald, forklarer Voll.
- Dette betyr at ein bilførar som køyrer i 50 km/t berre har ca. to sekund å reagera på før det smell. Med refleks er du synleg på 140 meters hald når bilen bruker nærlys, og på 400 meters hald når bilen bruker fjernlys. Desse ekstra sekunda er nok til at bilføraren har tid til å reagera og liv kan reddast.