Mykje nedbør i vente
Frå klokka 12 i dag vert det vått. Skikkeleg vått. Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for Hordaland.
Ifølgje nettsida til Meteorologisk institutt kan det koma mellom 40 og 60 millimeter nedbør i løpet av seks timar.
- Det er fare for lokale oversvømmingar, små jordskred og/eller flomskred der bygene treff, heiter det.
Artikkelen held fram under annonsen.
Også politiet åtvarar folk mot regnbygene.
- Ein lyt vera merksam på overvatn og alt det "vanlege" ved mykje nedbør, skriv politiet på Twitter.
Meteorologisk institutt bed folk om å følgja med på verradar og på varsom.no for oppdatert informasjon.