Hjerneslag: Rask behandling heilt avgjerande
Plutseleg vanskeleg å prata, smila eller løfta armane? Ring 113! Det er den klare oppmodinga i Helsedirektoratets nasjonale kampanje.
Helsedirektoratet har lansert ein nasjonal informasjonskampanje om hjerneslag. Kampanjen er utvikla saman med brukarorganisasjonane og sentrale fagmiljø.
Overordna mål for kampanjen er at "fleire får behandling i tide og overlever med god livskvalitet".
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi skal byggja opp kunnskapen om plutselege symptom og senka terskelen for straks å ringa 113 ved mistanke om hjerneslag, er bodskapen.
Og "reglane" er enkle og konkrete: Er det plutseleg vanskeleg å prata, smila eller løfte armane, kan det vera hjerneslag. Ring 113, kvart sekund tel.
Hjerneslag oppstår plutseleg og kor som helst, og kvart år vert rundt 12.000 i Noreg råka.
- Alle kan hamna i ein situasjon kor det er avgjerande å kjenna igjen symptoma på hjerneslag. Erfaringar frå Noreg og utlandet viser at pasientane sjølve eller pårørande ofte er det forsinkande leddet i behandling av hjerneslag. Dei kjenner ikkje att symptom og ventar for lenge med å kontakta helsetenesta, påpeikar Helsedirektoratet.
Dersom den slagramma kjem raskt til vurdering og behandling, er høva større for å unngå varige skader.
- Det er grunn til å tru at mange ventar med å ringa 113 fordi dei er usikre om symptoma er alvorlege nok eller dei er redde for å vera til bry. Men kvart sekund tel ved hjerneslag. Ikkje ver redd for å ringa 113 om du er i tvil - det er leganes jobb å vurdera slike tilfelle. Ring heller 113 ein gong for mykje enn for lite, er den klare meldinga frå direktoratet.