Overvelda over summen som kom inn
Elevane på Kuventræ skule sprang inn heile 149.000 kroner under Spring for livet- stuntet sitt sist fredag.
- Me er heilt overvelda, seier rektor Olav Røttingen som er svært imponert over engasjementet til både elevar, lærarar, foreldre og sponsorar.
Elevane sprang runde på runde á 400 meter på Kuventræs nye friidrettsanlegg. For kvar runde måtte sponsorane ut med ein på førehand avtalt sum til Redd Barna.
Artikkelen held fram under annonsen.
Initiativtakar var Karina Otneim, klassekontakt for 5B. Ideen henta ho med seg frå sin tidlegare arbeidsplass, Eidsvåg skule.
Resultatet vart altså nær 149.000 kroner - 148.849 kroner for å vera heilt nøyaktig.