Os-herrane treng eitt poeng til for å sikra 3. divisjonskontrakten for neste års sesong.
Os-herrane treng eitt poeng til for å sikra 3. divisjonskontrakten for neste års sesong.

Går for opprykk neste år

- No reddar me kontrakten på søndag, så går me for 2. divisjonsopprykk neste sesong, seier Os-kaptein Trygve Lerch Dahl.

Etter ein litt opp- og ned-sesong ser Os-herrane ut til å halda plassen i 3. divisjon med ok margin. Per dags dato har laget tre kampar igjen. For å sikra kontrakten treng dei eitt poeng.

- Det tek me heime mot Kjøkkelvik 2 på søndag. Eller for å seia det slik: Det bør me gjera, seier Os-trenar Kenneth Husebø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bra stall

Han har tidlegare klaga over lite med spelarar. Denne vinteren har ting sett langt betre ut for laget frå Kuventræ.

- I dag manglar me ein del folk, men stort sett har me vore over 15 stykk på kvar trening sidan vårsesongstarten i januar, seier Husebø i det me møter gjengen på trening i Nore Neset Aktivitshus denne veka.

Stemninga i gruppa er bra. Trenaren har stor tru på at 3. divisjonskontrakten vert sikra alt komande søndag.

- Kjøkkelvik 2 er eit ungt og bra lag, men etter at me fekk forsterka laget med Isak Røen og Arne Veim Haugland har me fleire strenger å spela på. I tillegg til å ha rutine og fysikk, har me no fart i angrepa. Eg trur me vinn på søndag, seier Husebø.

2. divisjon realistisk

Dersom laget no sikrar kontrakten kan dei byrja å planleggja neste sesong.

- Me meiner det er realistisk å byggja eit 2. divisjonslag i Os. Eg trur me er på veg, seier kaptein Trygve Lerch Dahl.

Trenaren vert truleg med vidare.

- Ja, eg har no signalisert at eg synest det er kjekt å vera med denne gjengen, så me får satsa på at det blir eit år til, seier Husebø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han røper at dei alt er i kontakt med eit par nye spelarar med tanke på neste år.

- Dersom det går som me ønskjer vert neste års lag så pass bra at me kan kjempa om opprykk til 2. divisjon. Absolutt, understreker Husebø.