Den som vil nyte resten av påska ute bør kle seg godt etter vêr og vind. Det er ikkje meldt like dårleg vêr som her under stormen Tor, men grått og vått må ein i følgje metrologen venta seg. (Arkivfoto)
Den som vil nyte resten av påska ute bør kle seg godt etter vêr og vind. Det er ikkje meldt like dårleg vêr som her under stormen Tor, men grått og vått må ein i følgje metrologen venta seg. (Arkivfoto)

Ventar vått, grått og vindfullt vêr

Avslutninga av påska byr ikkje på noko draumevêr om meteorologen får rett. Særleg i fjellet bør ein vera obs, både på skredfare og aukande vind.

- Vi har ikkje noko særleg bra vêr i vente, for å sei det først, kan statsmeteorolog i Bergen, Anders Sivle, fortelje.

Vinden har alt auka og vil truleg bli enda sterkare utover dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- No ligg det på stort sett frisk bris til liten kuling dei fleste stader, seier han.

Pass på i fjellet

Heilt ute på kysten og oppe i fjellet har det auka på til stiv kuling, medan det enkelte stader i fjellet er oppe i sterk kuling.

- Ein må vera obs om ein er i fjellet. Det er ganske lokale forhold og vinden vil vera litt av og på. Ein kan nok oppleva at det kan vera vindstille, men plutseleg blåsa opp med sterk vind, og så brått roa ned igjen, forklarer han.

Regnet kjem

I følgje statsmeteorologen vil den sterkaste vinden vara frå om lag lunsjtid i dag til lunsjtid i morgon, før den vil minke utover ettermiddagen i morgon.

- Elles er det skya no og vi venter inn nedbør, men det tek nok nokre timar før det kjem.

Han trur det kan li litt utpå ettermiddagen før det byrjar regne, og at det så vil auka på utover kvelden og natta.

Snø i høgden

Temperaturen ligg på seks til sju varmegrader, så ein må opp i 800 til 900 meters høgde før ein kan venta at nedbøren kjem som snø.

Det er venta frå 10 til 30 mm nedbør fram til søndag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kan godt bli auka snøskredfare med dei vêrutsiktene vi har no, med mykje nedbør og stigande temperatur. Derfor minner Sivle også om at folk som er ute og går på ski gjerne kan følgja med på NVE sine skredvarsel påvarsom.no.

Vått og regnfullt

Søndag ettermiddag til kveld vil truleg vinden roa seg noko ned og nedbøren letta, så ein kan venta seg lettare vêr siste halvdel av morgondagen, men det kan kome enkelte byger.

Måndag kan kome til å starte med opphald, men så blir det truleg nok ein dag med nedbør og vindauke utover ettermiddagen og kvelden.

- Det blir med andre ord vått, grått og vindfullt, og ikkje noko særleg vêr. Inga draumepåske altså, men det er dessverre ikkje så lett å styra vêret, seier meteorologen.