Havarerte midt i rundkøyringa
Eit overraskande snøfall i natt skapte krøll både i trafikken og for brøytemannskapet.
I morgontimane i dag var det ein god del bilar som måtte snigla seg rundt varebilen som havarerte ved rundkøyringa på Osøyro i dag tidleg. Ein bergingsbil frå Skaatun Bilverksted var på staden kl 830 og fekk kjapt ordna opp i problemet.
Uventa snø
Snøfallet i natt kom uventa på brøytemannskapet til Os kommune, kan teknisk vakt Robert Hatvik Flister fortelja.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me begynte å strø salt i natt, men som kom det plutseleg snø. Då hjelper det ikkje å salta. Då måtte me setja alle mann i sving med snøbrøyting - inkludert nokre innleigde entreprenørar, seier Flister.
Dei er budde på noko meir snø i dag og på fredag, før alt samen skal regna fekk natt til laurdag ifølgje vêrmeldinga.