Går for sin første allround-meisterskap
- Det er ikkje noko eg stressar med, men det er klart: Det hadde vore hyggjeleg med ein NM-tittel i allround, seier Sverre Lunde Pedersen.
Til helga er det allround-meisterskap i Sørmarka Arena i Stavanger. Trass i at Sverre har vore landts beste allrounder dei siste åra, har han framleis til gode å klatra øvst på pallen i denne meisterskapen.
- I 2013 vart eg sjuk midtveges i konkurransen og måtte kasta inn handkledet. I fjor vart eg sjuk før det heile starta, og valde difor å stå over, fortel 23-åringen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Anna fokus
Sjølv hevdar han likevel at det ikkje stressar han at han no bør ta heim tittelen.
- Nei, eg har eit anna fokus til det heile. Eg går i Stavangar for prestera fire nye gode løp. Målet er å halda fram utviklinga, så får resultata bli som dei blir, seier Sverre.
Men at han har gode sjansar til å ta gull, er han samd med.
- Ja, det har eg. Og dersom eg lukkast er det sjølvsagt kjekt. Men aller mest gler eg meg til å få fire harde løp og om mogleg betra forma endå litt til fram mot EM like etter nyttår, seier han.
Litt stong ut
I helga som var tok han andreplass på lagtempoen i Heerenveen med Håvard Bøkko og Sindre Henriksen.
På 5.000 m vart det denne gongen stong-ut.
- Eg hadde Bart Swings tider å gå etter, og burde hatt kontroll, men eg fekk to rundar på godt over 30 blank - 30,3 og 30,4 - etter 3.000. Dei kosta meg pallplassen, forklarar han.
Sjølv etter ein fantastisk avslutning heldt det ikkje.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg har aldri gått så rakst på dei tre siste rundane. Det tek eg med meg på pluss-sida, men å mista pallen med 18 hundredelar, er sjølvsagt surt, seier han.
Vinnar av halvmila i Heerenveen vart utilnermelege Sven Kramer. Jorrit Bergsma tok andreplassen.
Etter NM i Stavanger tek Sverre juleferie i Os. Deretter går turen til Hamar der han skal førebu seg til EM, som går i Vikingskipet første helga i januar.