Fleire meldingar om tiggarar i Os
I går fekk politiet melding om tiggarar på Søfteland, Lekven og Hagavik.
- Det er bra at folk melder frå. Me fekk fleire meldingar om tigging, og eit tilfelle av sal av leker, seier politiførstebetjent Rune Fimreite og held fram:
- Det er fint om me får ei skildring av kleda, og korleis desse personane ser ut. Har dei bil, så ønskjer me å få oppgitt registreringsnummer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Påkøyrd katt
I 23-tida i går kveld fekk politiet melding om ein katt som låg død på Byvegen ved Rema 1000 etter å blitt påkøyrd.
- Katten hadde verken halsband eller chip. Det er ein korthåra katt, som er grå, kvit og litt brunleg, seier Fimreite.
Båt på grunn
Ein seilbåt gjekk på grunn utanfor Lepsøy onsdag kveld i 19.30-tida. Politibåten var ute og kontrollerte.
- Det er ikkje mistanke om rus eller liknande. Grunnstøtinga var ikkje verre enn at han venta på flo for å koma seg vidare, seier Fimreite.