Hilde Fenne, Ragnhild Femsteinevik og Jori Mørkve klinte til og vann NM-stafetten torsdag.
Hilde Fenne, Ragnhild Femsteinevik og Jori Mørkve klinte til og vann NM-stafetten torsdag.

Ragnhild tok stafett-gull

Ragnhild Femsteinevik gjekk fyrsteetappen då Hordaland i går tok eit overraskande stafettgull under NM i skiskyting.

Saman med lagveninnene Hilde Fenne og Jori Mørkve knuste Ragnhild Femsteinevik frå Hålandsdalen idrettslag til med stafettgull under torsdagens NM i skiskyting på Dombås.

Sigeren var smått sensasjonell ettersom dei slo Oslo og Akershus som stilte med to nybakte verdsmeistarar på laget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ragnhild gjekk fyrsteetappen for laget, og kom i mål nesten to minutt etter tetkvinna Synnøve Solemdal, men berre halvminuttet etter skiskyttarlegende Tora Berger.

Som kjent kan det skifta fort i skiskyting, og på dei neste to etappane greidde lagveninnene å sikra gullet til Hordaland.

Jubel i Fusa

I Hålandsdalen Idrettslag står gleda i taket.

Ragnhild Femsteinevik i godt driv under fyrste etappe.
Ragnhild Femsteinevik i godt driv under fyrste etappe.

- Det er ein fantastisk prestasjon av Ragnhild og veldig motiverande for alle oss i Hålandsdalen, seier eldsjel og webansvarleg Kari Kallevik Hjartnes.

Hjartnes nyttar høvet til å dra fram Fusa vidaregåande med trenar/lærar Ann Elen Skjelbreid som delaktige i Ragnhilds skiskyttarsuksess.

- Eg trur dei kan vera med og ta litt av æra i dag. Det gode samarbeidet mellom idrettslag, skule og utøvar gjer det mogleg å satsa på både idrett og skule.

Hjartnes tør ikkje spå noko om Femsteineviks vidare innsats i NM.

- Eg traff henne under eit lokalt renn her på Bygdastølen i palmehelga. Då var ho kanskje ikkje heilt nøgd og formen har gått litt opp og ned i vinter.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men la det vera heilt klart, vi i Hålandsdalen heiar på våre, så eg vil ynska henne lykke til vidare, seier Hjartnes.

Gode på feiringar

- Kva betyr ein slik siger for dei yngre skiskytarane i miljøet?

- Det er mange yngre som står og trippar. Å sjå at det er mogleg å koma frå Hålandsdalen og gjera det godt nasjonalt, gir oss trua og ekstra motivasjon.

- Blir det noko feiring av gullet i Hålandsdalen i dag?

- Kanskje ikkje nett i dag sidan det er vinterferie og mange er bortreist. Men vi har ein årsfest på våren der det nok vil passa veldig godt å feira henne. Vi er gode på å feira medaljar og eit NM-gull er utruleg stas, smiler Hjartnes.