- Alltid fint vêr under Ottanosi duathlon
Leiar i Hålandsdal IL André Bjørndal er sikker på at det vert fint vêr under Ottanosi opp. - Det er nemleg slik me vil ha det, seier leiaren.
Ottanosi Duathlon starta som nett det, ei enkel duathlon-tevling. Med åra har arrangementet vakse seg større og omfattar i dag fleire tevlingar.
- I år har me tre ulike klassar - turklasse med sykling frå Holdhus og gåtur frå Bygdastølen til Ottanosi, konkurranseklasse med full sykkeldistanse frå Eikelandsosen til Bygdastølen pluss motbakkeløpet til Ottanosi, og fjellturen, som berre er ein rein gåtur frå parkeringsplassen ved Heihiller til Ottanosi, fortel Bjørndal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Før den niande utgåven av Ottanosi Duathlon er han optimistisk med tanke på vêret.
- Me har svært gode tradisjonar for godt vêr inne i Fusa. Til søndagen vert det garantert fint vêr. Om nokon skulle lura på kvifor, så er det enkelt å greitt fordi det er slik me vil ha det, humrar HIL-leiaren.
Fleire deltakarar
I fjor stilte 40 deltakarar i konkurranseklassen. I fjellturklassen deltok 20, medan vel 15 fullførte turklassen.
- Me har hatt fleire deltakarar før og håpar det tek seg litt opp igjen no på søndag. Turane er kvar på sin måte eit eventyr å få med seg. Me håpar familir og idrettslag stiller i hopetal, seier Bjørndal.