Full øving før opptreden med Ravi
Fleire var med då Ravi opptredde under Gullruten i fjor. No førebur Tag The Floors-gjengen seg til å dansa med Ravi i Oseana.
Når hip-hop-artisten Ravi kjem til Oseana onsdag 20. april, vert det eit solid innslag av osingar på scenen. I alle høve på ein av songane.
- Gjengen vår i Tag The Floors fekk vera med då Ravi og Stella Mwangi urframførte låta «Du-Du-Du-Du-Du» under Gullruten i 2015. Då eg fekk med meg at han skulle spela i Oseana no i vår, høyrde eg om han ikkje hadde bruk for dansarane våre også der, fortel leiar i TTF, Veronika Halhjem.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ravi, også kjent som Ivar Christian Johansen, var positiv frå første stund.
- Han syntest det høyrdest ut som ein god idé, og ba oss setja i gang med øvinga, fortel Veronica.
Over 20 dansarar
Sidan før påske har TTF-dansarane øvd heftig på dansen tilhøyrande songen «Du-Du-Du-Du-Du».
I overkant av 20 dansarar i alderen 10-14 år er klare for innslaget. Måndag var dei i full trening i Os-open-lokala i Os sentrum.
- Det er berre ein song som skal øvast inn, men me går til jobben med stor respekt for Ravi, og ønskjer eit best mogleg resultat. Difor øver me mykje, seier Hans Kristian Andersen, som er ein av to danselærarar ved danseskulen.
- Den siste tida har begge danselærarane hjelpt til med denne dansen, men normalt er Hans Kristian breakedance-lærar, medan Andrea Elisabeth Løw er lærar for hip-hop-dansing, fortel Halhjem.
Mange talent
Hans Kristian Andersen trur gjengen løyser danseoppdraget meisterleg.
- Det er ein fin gjeng her på Os. Fleire av elevane her er blant dei irvigaste og mest talentfulle eg har, seier sotraværingen, som også jobbar på danseskulen til Absence i Bergen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Under øvinga måndag kveld jobba gjengen med å få synkronisert dansinga til refreng-sekvensen.
- I tillegg til dette skal dansarane våre gjera ein liten danse-battle under innslaget. Då går jentene inn først og flørtedansar litt, før gutane kastar seg utpå og viser sine kunstar, fortel danselærar Andersen.
Fleire oppdrag
Dansarane frå TTF er inne i ein hektisk periode for tida.
- Me har jo eit crew som skal delta i fylkesmønstringa under UKM denne helga. I tillegg er me førespurde om å opptre på Jentefotballdagen på Kuventræ. Det er mykje som skal førebuast, men me er glade for å få opptre. Det er jo det som er kjekt, seier TTF-leiaren.