Rektor ved Eikelandsosen skule, Olav Aarvik, fortel at ein 5. klassing var nære ved å få eit lysarmatur i hovudet sist veke, då han drog i bardunen som rekor held i på biletet. Armaturen lausna frå stolpa og landa rett ved han. Her er ein lysarmatur (innfelt) tilsvarande det som fall ned sist veke.
Rektor ved Eikelandsosen skule, Olav Aarvik, fortel at ein 5. klassing var nære ved å få eit lysarmatur i hovudet sist veke, då han drog i bardunen som rekor held i på biletet. Armaturen lausna frå stolpa og landa rett ved han. Her er ein lysarmatur (innfelt) tilsvarande det som fall ned sist veke.

- Det kunne ha fått eit tragisk utfall

Ein 5. klassing på Eikelands­osen skule var sist veke nære på å få lysarmaturen frå ein lyktestolpe over seg.

Benjamin Søgnen Olsen

benjamin@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kunne ha fått eit tragisk utfall, ja, seier rektor Olav Aarvik.

Guten stod slik som rektoren står på biletet. Han rista i bardunen, som er vaiarar som har til hensikt å skapa støtte til den høge lyktestolpa, då armaturen fall ned rett ved han.

- Me prisar oss lukkelege for at det ikkje stod nokon der kor armaturen fall ned, seier rektor.

- Det skal ikkje vera mogleg

Fusa Kraftlag står for drifta av lysanlegget, som kommunen eig. Driftsansvarleg i Fusa Kraftlag, Rolf Oen, fortel at det ikkje skal vera mogleg å rista laus armaturen.

- Frå stolpen går det ein arm ut til armaturen. Denne er låst med skrue. Armaturen er festa med eit rør som går i ei innstikkhylse, som skråar oppover. Det må sterke vibrasjonar til for å få noko slikt til å løsna. Det skal ikkje vera mogleg ved å dra i bardunen, seier han.

Armaturen veg om lag 12 kilo. Det kunne i verste fall ha enda tragisk for eit lite skuleborn.

- Det er ufatteleg at armaturen fall ned, men heldigvis gjekk det bra, seier Oen.

Vil snakka med leverandøren

I høve bygginga av den nye kunstgrasbanen som ligg rett ved skulen, er leidningar som elles går mellom lyktestolpane på skulen, kopla frå kvarandre. Det kan vera ein medverkande faktor til nestenulukka, meiner Oen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hadde leidningane vore kopla til, så kunne dei i alle fall hindra at armaturen fall ned, seier Oen.

Fusa Kraftlag vil ta hendinga vidare til leverandøren, og få dei til å sjå på saka.

- Me kjem til å sjekka nye armaturar som me sett opp, og sjekka gamle armaturar når me skiftar pærer, for å sjå at alt er som det skal, seier Oen.