Stortingsrepersentant Bente Stein Mathisen fekk smaken på dei gode klokka 14-vaflene hos Os Asvo.
Stortingsrepersentant Bente Stein Mathisen fekk smaken på dei gode klokka 14-vaflene hos Os Asvo.

Stortingsrepresentant imponert over Os Asvo

Det var ein begeistra stortingsrepresentant frå Akershus, Bente Stein Mathisen (H), som fredag besøkte Os Asvo.

- Det er mykje større enn eg såg for meg. Eg er verkeleg imponert, seier medlem i Stortingets arbeids- og sosialkomite, Bente Stein Mathisen.

For etter å ha snakka

Artikkelen held fram under annonsen.

sosialpolitikk på kontoret med dagleg leiar ved Os Asvo, Kristian Nygård, og partikollega og leiar i Os kommunes tenestutval, Emil T. Brimsholm (H), får ho ei omvisning i den omfangsrike bedrifta i Os næringspark.

Her får ho mellom anna sjå treplattingar som snart skal utvida klatreparken Høgt & Lavt i Sørum i Akershus.

- Der har eg vore. Det er jo nesten heime, jo. No kan eg skryta av at eg har sett plattingane før dei kjem på plass, seier ho og smiler breidt.

Har omstilt seg

Stein Mathisen får høyra at sjølv om det såg mørkt ut for Os Asvo etter at hovudoppdragsgjevar Lyssand Treindustrier vart selt ut av landet, har bedrifta greidd å omstilla seg.

- Vi har greidd å henta inn att omsetjinga og driv kanskje på ein sunnare måte idag, seier Nygård som viser nokre av nyvinningane på huset.

Som til dømes snekring av element til klatreparkar, omlakkering av kjøken eller montering av formaskiner til leppefisk.

- Du verda, det er jo ein sånn variasjon i det de lagar, seier ein stadig meir storøygd stortingsrepresentant.

Med så mange inntrykk å fordøya, smakar det ekstra godt med ein klokka to-vaffel. Stein Mathisen og Brimsholm har nemleg lagt besøket sitt, heilt tilfeldig, til arbeidsstokkens faste fredags-kosepause med nysteikte vafler og nytrekt kaffi.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vil du ha syltetøy på, spør damene som smilande serverer vafler.

Erna Solberg

At det er lågare sjukefråver ved Os Asvo enn på vanlege arbeidsplassar, tyder på høg trivs og sterk arbeidsmoral. Så ser då heller ikkje dei tilsette ut til å la seg affisera av noko så daglegdags som besøk frå Stortinget. Dei har trass alt hatt besøk av sjølvaste statsminister Erna Solberg tidlegare.

- Trur du desse damene kanskje har ein endå kjekkare arbeidsplass enn det du har?

- Ha-ha, ja, stortingskantina er ingenting i forhold til dette, ler Stein Mathisen og tek ein god bit av den varme vaffelen.