Feira historisk byggestart med kake

Fyrste spadetak på E39 er eit faktum. Det vart sjølvsagt feira med kake.

Litt over klokka 9 i dag starta bygginga av E39 Os-Bergen.

- Etter mange år med diskusjon og planlegging er byggearbeidet no i gang for ny firefelts veg Os-Bergen. Utbygginga vil gjera trafikken tryggare og fører til ei halvering av reisetida på denne strekninga. Med den nye vegen får vi også ein mer miljøvenleg og effektiv trafikk. Prosjektet er viktig for næringsutviklinga i aksen Os-Bergen og for å styrkja sambanda mellom vekstområde langs E39 på hele strekninga mellom Stavanger og Bergen, seier statssekretær Tom Cato Karlsen i Samferdselsdepartementet i dag, i samband med byggestarten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prosjektet omfattar i alt 18 kilometer hovudveg og 1,3 kilometer ny fylkesveg med gang- og sykkelveg.

Os og Fusaposten kjem med meir.