Lokal vinnar i historias første Linken Opp
- Veldig kjekt at ein frå klubben vann, seier Klas Færøvik om klubbkompis Geir Storetvedt Skaten. - Alt klaffa for meg i dag, seier Skaten sjølv.
- Dagsforma var god, og løypa passar meg godt, seier Skaten i Opptur Motbakkeklubb etter å ha kryssa mållina.
- Eg disponerte kreftene godt. Eg leia eit godt stykke, men blei forbigått av Ketil Monssen. Han fekk ei god luke, og eg valte å la vera å prøva og følgja. Det gjer at eg vann i dag, for hadde eg følgt han, ville eg nok gått på ein smell.
Artikkelen held fram under annonsen.
Underteikna gjekk eit stykke bort frå målområdet for å sjå korleis ståa var nokre hundre meter frå mål. Då hadde Monssen ei luke ned til Skaten. Men då dei kom over siste kneiken, og inn til mål, hadde Skaten teke over leiinga.
- Eg såg at han hadde stivna. Det er klart det gjorde at eg fekk ekstra krefter. Tida blei slett ikkje verst heller, seier Skaten og smiler.
- Tida blir tøff å bryna seg på
Tida 19.51 var nok til å slå Monssen med seks sekund, og løyperekorden kjem til å bli vanskeleg å slå, meiner Klas Færøvik i Opptur Motbakkeklubb.
- Den tida blir tøff å bryna seg på. "Geiren" er tydelegvis best når det gjeld. Han er god på klatring, og han har god fart. I tillegg er han ein avsluttar av rang. Veldig kjekt at det var ein frå klubben som vann tidenes første Linken Opp. Det viser at vi har sterke løparar, seier Færøvik, som sjølv hamna på andreplass i sin årsklasse med tida 22.53.
- Det var som venta, omtrent som min personlege rekord. Eg hadde håpa på å hengja på Varegg-løparen, som vi veit er den sterkaste klatraren i min klasse, men då han passerte meg, hadde eg ikkje noko å svara med. Eg var heilt kokt, seier han og smiler.
Maratonløpar stod stille i fjellet
Det var tydeleg utifrå andletsutrykka at mange av deltakarane var dyktig slitne når dei kryssa mållina. Løypa er nok av dei tøffaste i nærområde, fortel Færøvik.
- I nærområdet er det Stoltzen som er mest nærliggjande å samanlikna med. Det er ei grisetøff løype. Ho er kort, men samstundes akkurat litt for lang til at ein kan pressa seg gjennom. Ein er jo nede på alle fire innimellom. Mirza Nalic til dømes er ein ekstremt god maratonløpar, og har gjennomført halvmaraton på under 1 time og ti minutt. Han stod nesten i ro då eg passerte han mot slutten. Ein må treffa med disponeringa av krefter, elles går ein på ein kjempesmell.
I overkant heldige med vêret
Samla sett deltok oppunder 300 personer i Linken Opp. 110 av dei i konkurranseklassen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi var nesten i overkant heldige med vêret. Bortsett frå det er vi svært nøgde med arrangementet, seier Færøvik og held fram:
- Vi håpar at dette var ei god byrjing. Det er mogleg at vi kan gå på ein skikkeleg smell med ordentleg møkkavêr, men samstundes så lever "Stoltzen" godt uansett vêr. No håpar vi at Linken vert ein god treningsarena både for dei som spring og dei som går. Vi ønskjer at flest mogleg skal få smaken på å trena, og få flest mogleg ut i frisk luft.