Skøyter er i vinden
Skøyter er hot i bruktmarknaden i Os. I Facebook-gruppa Os: Kjøp, salg og bytte er det stor trafikk, og skeise-innlegg dominerer.
- Me har lagt merke til at det er mange innlegg om skøyter, ja, seier Lovise Tvedt, som er ein av tre administratorar i gruppa.
Uvanleg høg skøyte-trafikk
Det strøymer på med innlegg om skøyter i gruppa. Eit kjapt søk på ordet, fører til om lag 50 treff på dei siste ti dagane.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er uvanleg at me har så mange skøyte-innlegg, sjølv på denne tida av året. Men så er det ikkje så ofte at me er så heldige å ha is på vatna, heller, seier Tvedt og smiler.
Butikkane blir raskt utselt
Det er ein fordel at det er såpass mykje aktivitet i bruktmarknaden, når det fort blir utselt i butikkane i "is-tider" som no.
- Eg har sjølv vore på utkikk etter skøyter, men då var det utselt i butikken. Eg har høyrt om fleire som har opplevt det same, seier Tvedt.
Fører ikkje statistikk
Det blir ikkje ført statistikk for kor mange innlegg som blir publisert i ulike kategoriar, eller for spesifikke varer. Det gjer at administratorane ikkje har særleg betre oversikt enn medlemene i gruppa. Dei har heller ikkje filter, så alt ein legg ut, vil bli publisert på sida.
- Me redigerer om det er innlegg som bryt med reglane, eller er upassande. Eg veit at Bergen: Kjøp, salg og bytte har filter. Om me skulle ha gjort det same, måtte me har vore mange fleire administratorar, seier Tvedt.