Byggeleiar Kari Bremnes informerer om nyevegen.
Byggeleiar Kari Bremnes informerer om nyevegen.

Folkemøte avslutta med applaus

Folkemøtet om ny E39 torsdag kveld, vart avslutta med noko så sjeldan som skryt og applaus.

- Vi gler oss veldig til vegen kjem. Dette er det beste som har skjedd Vestlandet på all den tid, sa ein tilhøyrar og fekk spontan applaus. Orda avslutta folkemøtet om ny E39 mellom Os og Bergen i Oseana torsdag kveld.

Før det hadde prosjektleiar frå Statens vegvesen, Sverre Ottesen og byggeleiar Kari Bremnes, orientert om framdrift og svart på spørsmål frå salen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noko av det som vart diskutert, var konsekvensane av at ferjetrafikken frå Halhjems-ferja, vil verta dirigert om Os sentrum frå og med mai 2015 og i fire månader framover.

- Det luraste er nok å reisa på ferie i den perioden, sa Ottesen.

Idrettsvegen

- For oss som bur i Idrettsvegen er det vanskeleg nok som det er å koma seg ut på hovudvegen. Vil de få på plass lyskryss eller rundkøyring når endå fleire bilar skal passera, spurte ein bebuar?

Prosjektleiar Sverre Ottesen opplyste at Statens vegvesen vil halda jamnlege folkemøter framover.
Prosjektleiar Sverre Ottesen opplyste at Statens vegvesen vil halda jamnlege folkemøter framover.
Nabokontakt Solveig R. Sløveren er kvinna å kontakta om  du har spørsmål om vegprosjektet.
Nabokontakt Solveig R. Sløveren er kvinna å kontakta om du har spørsmål om vegprosjektet.

Ottesen kunne ikkje lova nokon tiltak, men ville ta saka med seg til seinare drøftingar med Os kommune.

Heller ikkje ekstra trafikksikringstiltak for skuleborn som ferdast i og rundt Os sentrum, er planlagde.

- Vi har vurdert lysregulering ved fotgjengarfelt, men forsking syner at dette kan vera med på å gjera krysset farlegare. Mange born spring over vegen utan å sjå seg for i det det vert grønt. Då er det tryggare om dei baserer seg på å venta til trafikken har stansa, slik ein gjer ved ein vanleg fotgjengarovergang.

Nattero

Naboane på Svegane, der tunnelinnslaget kjem, må rekna med ein del støy framover, men byggeleiar Bremnes lova at det vil bli stilt mellom kl. 22 på kvelden og kl. 7 om morgonen

Slik vil det verta fram til ein har kome 500 meter inn i tunnelen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Etter det vil ikkje sprenginga og boringa lenger vera til sjenanse for nokon, sa ho.

I løpet av kort tid vil Statens vegvesen kartleggja alle eigedomar som ligg direkte over, og om lag 100 meter til kvar side for tunnelane nede i bakken. Då vil eventuelle skader på bygningar for arbeida tek til. Dette for å unngå diskusjon om det er "gamle" eller "nye" skader som vert rapportert.

Statens vegvesen har også ein eigen nabokontakt, Solveig R. Sløveren som tek imot alle spørsmål som berørte naboar måtte ha.

Galskap

Medan det meste av nyevegen er planlagt og bestemt, knyter det seg enno uvisse til om vegen mellom Helleskaret og Åsen skal rustast opp i same slengen. Skal så skje, må fylkeskommunen bestemma seg innan utgangen av året.

Ordførar Terje Søviknes lova å stå på for å få vegen inn på det fylkeskommunale budsjettet.

- Det vil vera galskap å ikkje gjera dette no. Ventar vi til seinare, vert det mykje dyrare, sa han.