Reiser til Italia med landslaget
Vilde Drange Veglo og Madelen Koldal Holme er begge med i landslagstroppen til J16 som reiser til Italia i slutten av månaden.
– Vi er litt stolte over å kunna seia at “våre” to spelarar er dei einaste frå Hordaland som er med i landslagstroppen, seier Ørjan Sandal, dagleg leiar i fotballskulen Camp Mallorca.
Grunnen til at Sandal seier våre spelarar, er at dei begge har vore elevar på fotballskulen i Spania. Vilde var elev på fotballskulen i påskeferien, medan Madelen var elev i haustferien. Dei blei i dag teken ut i landslagstroppen, som skal til Italia og spela turnering frå 22.-30. april. Sandal er også trenar for G16-laget til Os, J17-laget til Nore Neset/Os og han driv med spelarutvikling i klubben.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vilde og Madelen er to spelarar som har ekstremt høge målsettingar, og som er villige til å gjera absolutt alt for å lukkast i framtida, seier Sandal, som ønskjer dei to lukke til på samling.