Søndag går årets Krafttak mot kreft-aksjon av stabelen i Fusa. Julie Aakre Bratland og Sunniva Brendehaug er blant dei som skal rundt og banka på dører.
Søndag går årets Krafttak mot kreft-aksjon av stabelen i Fusa. Julie Aakre Bratland og Sunniva Brendehaug er blant dei som skal rundt og banka på dører.

Årets viktigaste russeknute

Søndag tjuvstartar avgangselevane ved Fusa vidaregåande skule russetida med den viktigaste knuten av dei alle: Ei innsamlingsbøsse i miniatyr.

27. april startar russetida. Men alt denne helga skal russen ved Fusa vidaregåande skule hjelpa Kreftforeningen med å ta eit krafttak mot kreft.

Søndag er den store aksjonsdagen. Då dukkar 40 bøsseberarar opp rundt om kring i bygdene i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har prøvd å fordela oss litt i forhold til kven som bur kvar, kven som har lappen, og liknande, seier Julie Aakre Bratland i russeaksjonsstyret ved skulen.

Avgangseleven fortel at det har vore heilt uproblematisk å få folk til å delta i aksjonen. Årets Krafttak mot kreft er retta mot dei som lever med ein kreftsjukdom som ikkje kan kurerast.

- Engasjementet er stort. Vi er stolte over å kunna bidra. Pengane vi samlar inn går til forsking på livsforlengande behandling, slik at dei som er sjuke får så mange gode leveår som mogleg, seier ho.

- Vi ønskjer å bruka russetida til noko positivt. Det er så mange russ som deltek i aksjonen at det faktisk er mogleg å gjera ein forskjell, legg Sunniva Brendehaug til.

Tre mogelegheiter

Russen på Fusa vidaregåande skule har samla inn pengar til kreftforeningen så lenge dei to avgangselevane kan hugsa. Målet med årets aksjon er å samla inn like mykje pengar som dei føregåande åra, nemleg 75.000 kroner. Og helst litt meir.

Sjølv om aksjonsdagen er på søndag, er det nokre av elevane som kjem til å leggja i veg med bøssa litt før.

- Det er ikkje alle som har høve til å gå på søndag. Nokre kjem til å gå på fredag og laurdag også, fortel Brendehaug.

Har du ikkje kontantar, har akjonsstyret ei løysing. Det er nemleg mogleg å vippsa pengar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I tillegg har vi oppretta ei innsamlingsside på kreftforeningen sine nettsider. Her er det mogleg å donera pengar heilt fram til måndag 13. mars, fortel jentene.

Stort engasjementet

Fusa vidaregåande skule har avgangselevar frå Fusa, Os, Hatlestrand og fleire andre stader. Dei kjem likevel til å halda seg i Fusa-området på aksjonsdagen.

- Det er mange andre skular som samlar inn pengar til Kreftforeningen denne helga. Vi har vorte samde med dei andre skulane om å halda oss her, seier Bratland som deltek på innsamlinga for andre år på rad.

- Det hender at vi får fleire bøsser enn vi er russ. Då har vi med oss nokre frivillige, seier ho.

For på Fusa vidaregåande skule er engasjementet for aksjonen stort. Det er ingen som nøler med å melda seg til teneste.

- Vi er innstilte på å gå. På skulen har vi vorte vane med at slik er det, og så er vi som sagt glade for å kunna bidra, påpeikar jentene.