- Er det rett at ein kommunalt finansiert aktør som Oseana sel kunst når vi har private aktørar som driv i same marknaden, spurde Glenn Erik Haugland (V).
- Er det rett at ein kommunalt finansiert aktør som Oseana sel kunst når vi har private aktørar som driv i same marknaden, spurde Glenn Erik Haugland (V).

Oseana - konkurrent eller supplement?

Er Oseanas sal av kunst eit konkurrerande element eller eit godt supplement til lokale kunstformidlarar? Spørsmålet vart drøfta i kommunestyret onsdag.

Det var Glenn Erik Haugland (V) som tok opp saka då årsrekneskapen for Oseana - som forøvrig viser eit overskot på vel 934.000 - vart handsama i kommunestyret.

- Er det rett at ein kommunalt finansiert aktør som Oseana sel kunst når vi har private aktørar som driv i same marknaden, spurde Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Espen Aspenes (Frp) peika på at det er svært mange aktørar som gjennom fleire år har fått fremja sin kunst gjennom Oseana.

- Eg meiner Oseana sitt bidrag er ein fordel og eit godt supplement, sa Aspenes og heldt fram:

- Lokale kunstnarar kan gå i lag og dra nytte av den profileringa som Oseana kan gje. Det skal vera rom for alle i kunst- og kulturhuset, og det opplever eg også at det er.

Glenn Erik Haugland (V) meinte på si side at Oseana har eit stort konkurransefortrinn all den tid dei får over fem millionar kroner i årleg støtte frå kommunen.

Tilbod til born og unge

Eirik André Hesthamar (Frp) nytta sitt innlegg i saka til å rosa jobben som vert gjort ved Oseana.

- Kunst- og kultursenteret har sett i gang ei rekkje tiltak retta mot born og unge, og er verkeleg ei verd til inspirasjon. Tilbodet til born og unge omfattar mellom anna bygdekino, kulturskule, MOT-arrangement, UKM, Friskunst og eit ferskt samarbeid med Rikskonsertane. Eg trur dette er vegen å gå, sa Hesthamar og heldt fram;

- I tillegg ser me at lokale kulturaktørar tek huset i bruk, og at det tiltrekkjer seg både nasjonale og internasjonale artistar, samt at dei no kan levera positive tal.

Spørsmål om kommunal støtte

Torunn Øvredal (TvS) stilte spørsmål om kor vidt ein må belaga seg på at kommunen må halda fram og løyva 5,5 millionar i tilskot "for at ein skal kunna skryta av overskot".

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg trur ein skal vera førebudd på at ein bør halda seg på same tilskotsnivå som no, sa ordførar Terje Søviknes.

Han kommenterte at Oseana får tilskot til blant anna kulturskulen og for å kunna tilby lågare leige til lag og organisasjonar.

- Såleis er dette tenester som kjem kommunen til gode, poengterte Søviknes.

Han la til at kunst- og kulturhuset stadig vert sterkare på satsingsområda ein har blinka seg ut og som også kan gje større inntening.