Illustrasjonen viser kva dei maksimalt kan få ut av tomta på Kuventræ. - Me vil byggja trinnvis etter kva økonomien tillet, seier styreleiar i Os Fotball, Knut Haddal.
Illustrasjonen viser kva dei maksimalt kan få ut av tomta på Kuventræ. - Me vil byggja trinnvis etter kva økonomien tillet, seier styreleiar i Os Fotball, Knut Haddal.

Store stadion-visjonar på Kuventræ

Os Fotball har store visjonar for både ny stadion på Kuventræ, og ikkje minst i arbeidet med alle dei unge fotballspelarane i klubben.

Benjamin Søgnen Olsen

benjamin@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Visjonane og ambisjonane vert vist fram iein fersk video utarbeida av klubben.

- Målet er å visa eit totalbilete av kva me i Os Fotball ønskjer å oppnå. Første del av videoen tek opp i seg litt av det same som egtek opp i lesarbrevet mitt, medan andre del går på tankar kring eit framtidig anlegg på Kuventræ, seier Haddal.

Vil byggja trinnvis

Illustrasjonen av stadion viser kva dei maksimalt kan få ut av tomta på Kuventræ.

Haddal fortel at Os Fotballs video signaliserar eit totalbilete av kva dei ønskjer å oppnå.
Haddal fortel at Os Fotballs video signaliserar eit totalbilete av kva dei ønskjer å oppnå.
Os-trenar og medieansvarleg i Os Fotball, Ørjan Håland, står bak videoen.
Os-trenar og medieansvarleg i Os Fotball, Ørjan Håland, står bak videoen.

- Det er Os Turnforeining som eig anlegget. Me har sagt at me ønskjer å oppgradera, og så må dei ta stilling til korleis, og kor mykje som skal byggjast, seier Haddal og held fram:

- Me vil teikna ein heilskapeleg løysing, slik at når me startar byggjetrinn ein, så heng det saman med ein totalitet. Då kan me byggja trinnvis etter kva økonomien tillet, seier Haddal.

- Er behovet for investorar og sponsorar ein del av motivasjonen for å laga videoen?

- Det er klart at det ikkje er negativt om me får hjelp til å realisera planane. Me er nok avhengie det for å realisere prosjektet, seier Haddal.

Treng kompetanse

Sidan 2012 har Os Fotball jobba med Os-modellen, som er ein strukturert og systematisk modell for eit byggjande barne- og ungdomsarbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Er det utfordrande å driva Os-modellen med dei fasilitetane de har i dag?

- Nei, det går. Det me er avhengige av i forhold til Os-modellen, er å engasjera folk med kompetanse som er med over tid, og ikkje berre eit par år i slengen. Til dømes skulle me hatt ein lærar til å hjelpa med leksehjelp på fotball fritidsordninga, seier Haddal og legg til:

- Men det er klart at eit endå betre anlegg gjer jobben med å tiltrekkja seg og utvikla spelarar lettare. Etter at Os Idrettspark blei klar for bruk, har det vore mange rekruttar i sving i friidretten. Det er grunna oppgraderingane som er gjort på friidrettsanlegget, og me vil nok få same effekten av ei oppgradering av fotballanlegget.

- Mykje meir enn eit fotballstadion

Det er over 40 år sidan det noverande klubbhuset vart bygd. Tida er overmoden for noko nytt.

- Me har fire garderobar og 50 lag som nyttar dei. Det er sprengt kapasitet.

Det er Os-trenar og medieansvarleg i Os Fotball, Ørjan Håland, som står bak videoen. Han vil presisera at det er snakk om så mykje meir enn berre ein fotballstadion.

- Det skal vera eit bygg som kan samla skulane i Os, der dei kan bruka fasilitetane. Det skal vera eit bygg som kan samla kompetanse innan helse og medisin, slik at ein får eit godt behandlingstilbod med gode fasilitetar i nærleiken av Osbadet, treningssenter og dei ulike banane for fotball og friidrett. Det skal òg vera ein samlingsstad kor foreldre skal vera trygge på at ungane vert følgt opp av dyktige vaksne med gode haldningar og verdiar, seier Håland.

Skryt frå Gregory John Smith

Gregory John Smith har fått med seg videoen til Os Fotball, og skryt av klubben på Facebook.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Mange flotte haldningar og verdiar som vert ivareteken her. Det varmar hjarta å sjo korleis mine landsmenn tek så godt vare på sine born, skriv han på Facebook.

Os Fotball har jobba med Os-modellen som er ein strukturert og systematisk modell barne- og ungdomsarbeid sidan 2012.

Eit av foreininga sine mest populære tilbod er fotball-fritidsordninga. Borna får leksehjelp, sunn mat og trening, og klubben jobbar med å gje medlemene gode haldningar, ta ansvar og vera gode menneske.

Fotball vert brukt som kommunikasjonsmiddel for å læra borna kunsten å omgåast kvarandre. Organisasjonen har tilsett personar med fotballfagleg og pedagogisk kompetanse for å utvikla fotballspelarar og gode menneske.