Geir Mildestveit på klarinett, Are Ovesen på trompet, Geirmund Sandven på trombone, Terje Neset på banjo og vokal, Ole Amund Gjervik kjem med kontrabassen og Frank Jakobsen trakterer trommene. I tillegg har dei med seg Marita Moe Sandven som gjestesongar.
Geir Mildestveit på klarinett, Are Ovesen på trompet, Geirmund Sandven på trombone, Terje Neset på banjo og vokal, Ole Amund Gjervik kjem med kontrabassen og Frank Jakobsen trakterer trommene. I tillegg har dei med seg Marita Moe Sandven som gjestesongar.

Lovar god 17. mai-stemning i Vikjo

Tradisjonen tru garanterer Osøren Jazzensemble god stemning og laus snipp på 17. mai i Oseana.

- Ta gjerne med ungane og heile familien, seier Geir Mildestveit i Osøren Jazzensemble.

Dette er nemleg ingen streng "sit heilt i ro og vær stille"-konsert.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hos oss er det laus snipp. Det er lov å bevega seg rundt litt, og vi slår ikkje ned på småprat. Det skal vera eit familiearrangement, lovar han.

Osøren jazzensemble har halde på med dette sidan tidleg nittital.

- Det byrja i den gamle kafeen i Mobergsvikjo. Seinare spela vi på Midthordland i byggeperioden, og frå Oseana var nytt har vi vore der på ettermiddagen på 17. mai kvart år, fortel Mildestveit.

Det etter kvart så tradisjonsrike arrangementet er ein del av Oseana sitt program for nasjonaldagsfeiringa og står også i 17.mai-programmet.

- Eg veit mange er og et buffet i restauranten først og så går dei opp til oss etterpå, seier Mildestveit.

Han fortel vidare at 17. mai-konserten deira har vorten veldig populær.

- Mange kjem dit for å slappa av og nyta musikken på ettermiddagen, etter at alt dagprogrammet er over.

Osøren Jazzensemble har for tida følgjande besetning: Geir Mildestveit på klarinett, Are Ovesen på trompet, Geirmund Sandven på trombone, Terje Neset på banjo og vokal, Ole Amund Gjervik kjem med kontrabassen og Frank Jakobsen trakterer trommene. I tillegg har dei med seg Marita Moe Sandven som gjestesongar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjengen byr på jazzmusikk i sjangaren kalla trad-jazz eller gladjazz.

- Vi speler lettfordøyeleg musikk. Ein del av låtane er nok kjente for mange av dei som kjem. Trad-jazzen har sitt utspring i New Orleans, i byrjinga på jazzens historie, fortel klarinettisten.

Han meiner det er musikk som er lett å lika for dei aller fleste,

- Kvar får ein kjøpt billettar? - Arrangementet er gratis og ope for alle, fortel Mildestveit.

Konserten varer i omlag to timar og finn stad i foajeen, der blir det også sal av mat og drikke. På Facebook-sida for arrangementet lovar dei mellom anna tradisjonsrik 17. mai-mat, med rømmegraut og spekemat.

- Både unge og eldre kjem og det pleier å vera fullt kvart år. Mange av gjestene kjem tilbake år etter år. Ein del av dei som er der har faktisk vore med sidan vi starta i kafeen, fortel Mildestveit.

Han kan ikkje sjå for seg ein 17. mai utan å spela i Mobersvikjo.

- Vi synest det er morosamt og gler oss kvart år.