Tiltalt for mordbrann
52-åringen som tente på huset til ein 90 år gamal mann i Eikelandsosen i Fusa i oktober i fjor, er tiltalt for mordbrann. Dermed risikerer han 21 år i fengsel.
- Mannen set framleis fengsla. I tillegg har Riksadvokaten i Hordaland teke ut tiltale mot han på bakgrunn av straffelovas § 355, det vil seia dersom ein forårsakar brann eller andre liknande ulukker som lett kan medføra tap av menneskeliv, fortel politioverbetjent ved Fusa lensmannskontor, Ove Ivarhus.
Tente på medan 90-åringen sov
Natt til 20. oktober vakna ein 90 år gamal mann av at det var brann i huset hans i Eikelandsosen. Mannen greidde sjølv å sløkkja brannen, men vart sendt til sjukehus med røykskadar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Få timar seinare vart ein 52 år gamal mann pågripen på ferja mellom Venjaneset og Hatvik. Mannen, som var mistenkt for å ha tent på huset til 90-åringen, køyrte på det tidspunktet rundt i 90-åringens bil. Han hadde òg teke med seg fleire eigedelar frå bustaden til mannen i Eikelandsosen.
Fusa lensmannskontor har etterforska saka i lag med Hordaland politidistrikt.
- Saka var ferdig etterforska i mars. Det har vore eit omfattande arbeid. Det har mellom anna vore sakkunnige inne i biletet, fortel Ivarhus, som har vore etterforskingsleiar i saka.
Risikerer 21 år i fengsel
Strafferamma for forholda som 52-åringen er sikta for er fengsel frå to til 21 år. I tillegg til den alvorlige hendinga i Eikelandsosen er mannen tiltalt for innbrot i to hus i Fusa. Det er førebels ikkje kjent når saka skal handsamast av Nordhordland tingrett.