Gina Aspenes´ jul: - Eg vil alltid hugsa mitt første møte med nissen
Julegåver frå Amerika, store mengder snø, og mormors kålrabistappe er noko av det Gina Aspenes hugsar best frå jula i barndomen.
- Me budde tett på mormor og morfar. Det var berre til å springa rett over tunet, gjennom snøen, og inn til besteforeldra mine. Me var alltid der på julekvelden.
Gler seg til julefri
Førjulstida i år var ekstremt travel for songarinna og låtskrivaren frå Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ja, så fekk me til å treffast til slutt, seier Aspenes før ho held fram:
- Eg beklagar altså, men det har vore utruleg hektisk desse dagane.
Gravferder, konserter, lydprøvar, ORBOs Xmas Xtravaganza og frisørtime, er berre delar av programmet i travle førjulstider.
- Det går i eitt, ja, men frå måndag av (21. desember journ. mrk.) har eg fri heilt til 30. desember. Det skal bli deilig med litt juleferie, smiler Aspenes.
Kjolar frå Amerika
Men ja, tilbake til fortida. Gina har mange god minne frå jul i "dalen".
- Me hadde eit familietun i Hegglandsdalen. I barndomen var det alltid mykje snø i dalen. Me bada i snø, smiler ho.
Det var kort veg til mormor og morfar, som var alltid var vertskap på julekvelden.
- Det var ofte eg sprang heim i ny kjole. Ei tante i Amerika pleidde å gje kjolar i julegåve. Kusina mi og eg fekk ofte like kjolar. Det var stor stas, seier Aspenes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Første møte med nissen
Men det minnet som stikk seg aller mest ut, er første møtet med nissen.
- Eg hugsar at eg kunne sjå nissen i det bly-innfatta vindauget som strekte seg frå nede i gangen til opp i trappa, då han kom inn i gangen. Eg hadde fått høyra at han ikkje hadde tid til å vitja alle, men så hadde han funne tid til å vitja akkurat oss! Eg fekk sitja på fanget også. Det var stort. Det gjekk mange år før eg fann ut at det var pappa som var nissen, fortel Aspenes.
Kålrabistappen til mormor
Over det ganske land er det mange ulike mattradisjonar på julaftan. For Aspenes er det pinnekjøt som tel.
- Ja, det må vera pinnekjøt på kvelden, med moltekrem og risgraut til dessert.
- På føremiddagen slår eg framleis på fjernsynet og finn fram teikneseriane og tre nøtter til Askepott. Det er ein del av dagen, seier Aspenes.
- Blir det jul i dalen i år?
- Nei. Mormor og morfar er ikkje blant oss lengre. Eg skal vera vert i år.
På julekvelden i dalen, var eit av dei store høgdepunkta kålrabistappen til mormor.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg har ikkje arva oppskrifta. Uansett, så hadde han ikkje smaka likt. Kålrabistappen til mormor var laga med kjærleik.
kerJulemat?
- Pinnekjøt, moltekrem og riskrem. Så lenge mormor var blant oss, var nok kålrabistappen hennar det viktigaste.
Juleminne?
- Store mengder snø. Kjolar frå Amerika, og ikkje minst første møtet med nissen.
Høgdepunkt med jula?
- Stemninga, og å vera saman med familien. At vener ein sjeldan ser elles kjem heim til jul, er òg eit høgdepunkt.
Tradisjonar på julaftan?
- Eg set på fjernsynet om morgonen. Teiknefilmane og Askepott er ein viktig del av dagen. Pinnekjøt SKAL vera maten på kvelden.
Kjekkast å gje eller få gåver?
- Eg liker best å gje gåver.