Politimelder livsfarleg leik
Sundag kveld vart åtte ungdomar observert i livsfarleg leik på taket til Amfi Os. Senterleiar Silje Lygre ser svært alvorleg på saka. - Vi kjem til å melda saka til politiet, seier Lygre.
Då Os og Fusaposten snakka med Lygre måndag morgon, hadde ho nett vore på synfaring på taket, for å sjå korleis ungdomane har klart å koma seg opp dit.
- Det er ulovleg å ta seg opp på taket til Amfi Os. Difor kjem vi til å ta kontakt med politiet, og melda saka, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ifølgje Lygre har senteret sitt på den reine når det gjeld sikring. Senterleiinga kjem likevel til å ta seg ein ekstra runde for å sjå om det er noko dei kan gjera for å sikra meir.
- Vi må gjera det vi kan for å unngå livsfarleg "leik" på taket til senteret, seier ho og legg til:
- Det var ikkje noko kjekt å sjå dei bileta.
Lygre oppmodar folk som eventuelt observerer ungdomar på taket igjen, om å ringja politiet med det same.
- Eg har forstått det slik at politiet vart varsla i går, og det er det viktig at publikum held fram med dersom det skjer igjen. Det er ulovleg å vera på taket til Amfi Os, understrekar ho på det sterkaste.
- Bruk fornuft!
Politioverbetjent Audun-Hadler Olsen opplyser om at det ikkje berre var på Amfi Os det vart observert ungdomar på taket sundag. Også på taket til den gamle gymsalen til Os ungdomsskule var det ungdomar som skatet. Dette skjedde om lag tre timar tidlegare enn episoden på Amfi Os, men politioverbetjenten kan korkje avkrefta eller bekrefta om det var dei same personane som vart observert begge stader.
- Det har vore ungdomar på taket til den gamle gymsalen mange gongar tidlegare, seier Hadler-Olsen.
Han oppmodar skulen og foreldra om å snakka med ungdomane om den potensielle faren ved å opphalda seg på taket.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er høgt ned. Ungdomane må bruka fornuft. Dei må nytta skateboarda sine på eigna og lovlege stader i staden, slik at det ikkje skjer ulukker, seier politioverbetjenten.