HLM Arkitektur)
HLM Arkitektur)

Nye Luranetunet kan bli unikt i landet

Nederland har kome langt i å gje demente ein heilt ny kvardag. - På Luranetunet er er me på nivå med Holland om to år, som førstemann i Noreg, seier prosjektsjef Tor Inge Døsen.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er truleg det største byggjeprosjektet Os kommune har teke i. Det er i klasse med Oseana på kostnadssida, sa Tor Inge Døsen då han tysdag presenterte prosjektet for politikarane i formannskapet.

Han la fram skisser som synte kvar dei til saman 97 nye plassane skal fordelast. Det inkluderer 60 sjukeheimsplassar og 37 omsorgsplassar for demente. Dagens bebuarar skal få flytta til den nye avdelinga, noko som betyr at kapasiteten aukar med rundt 40 plassar i forhold til i dag. Dagsenteret i Gamleheimshagen får også tilhald her.

- Kva skal skje med dei rundt 50 plassane som i dag er på sjukeheimen? spurde Espen Aspenes (Frp).

- Det er litt uavklart. Nils-Petter Borge ønskjer å gå i gang med å planleggja det no. Eg trur at kommunen vil ha trenga mykje av det. Hjelpemiddelsentralen, som finst der i dag, treng å utvida noko. Og kva som vil skje med vaskeriet, må også avklarast, sa Døsen, og varsla at det ville koma ei eiga sak på dette seinare.

- Det blir uansett lettare å ha ein prosess på det når lokala står tomme, la Nils-Petter Borge til.

Kveldskafé på frivillig basis?

Eirik Neverdal (TvS) nytta høvet til å lufta noko han kalla ein svært god idé; å gje Luranetunet kjøken att.

Han fekk ikkje eit direkte svar på dette, men Døsen sa at dei vil leggja til rette for ei større kantine.

- Det betyr ikkje direkte at me gjeninnfører kjøkenet, men at me kan utvida kjøkenkapasiteten noko. Me vil prøva å få i stand ei frivilligheitsordning som gjer at me kan laga kafé/kiosk-tilbod på kveldstid. Det har vore svært populært med butikkar tilpassa for demente i Holland. Me har det om to år, sa Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I det som vert kalla for "sørstovo" blir det frisør og fotpleie, der folk også skal kunna koma frå nærmiljøet.

Bygningane skal få furukledning i grå finish, ikkje lerk slik det er frå før. Truleg har dette med kostnader å gjera, men ifølgje Døsen er furu også eit treslag som trivst og fungerer godt som byggjemateriale på Vestlandet.

Edens hage

Men den største visjonen er likevel den 1500 kvm store tropehagen som skal etablerast midt inne i det nye senteret. Døsen kalla det like godt "det nye himmelriket".

- Det blir knall. Det finst ikkje makan til ein slik hage i Noreg. Det blir ein middelhavstemperert hage med glastak. Sjå for deg palmar, sitronar, appelsiner, druer eller fiken. Det som veks rundt Middelhavet skal kunna veksa her. Ein karpedam og bocciabane, blir det også, sa Døsen.

Ei scene til ulike arrangmenet, samt "Det finaste møterommet i Os" med utsikt over hagen, er inkludert i planane.

For å oppvarma nybygget og spesielt hagen, skal det borast ned til 250 meters djup og få jordvarme.

- Me legg vannsløyfer som gjev varme om vinteren og kulde om sommaren. Det skal vera svalt på golvet om sommaren. Hagen skal vera frostfri, men ned til 12-14 grader om vinteren, sa Døsen.

- Hagen skal ha god tilkomst frå alle fire hjørna rundt, la Borge til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei sa også at etter at desse planane var presentert for fylkeskommunens helseavdeling og husbanken, hadde dei nærmast fått tilsegn til økonomisk støtte over bordet.

I tillegg blir det lagt opp til ein ny sansehage, tilgjengeleg som offentleg friområde på sørsida av nybygget. Og endeleg får Luranetunet eit naudstraumsaggregat.

- Det er eigentleg ein skandale at det ikkje har vore det før. Men det kostar 6 mill. kroner, fortalde Døsen.

Kva kostar herlegdomen?

Rådmannen vrei seg litt i stolen då prosjektleiaren la fram ein grovkalkyle som syner kva alt dette kan kosta. Alt i alt hamnar ein på 286,5 mill. kroner inkl. moms. Til samanlikning kosta Oseana 248,5 mill. kroner inkl. moms.

- Men det blir ikkje så ille når ein ser på finansieringa, trøysta Døsen.

Momsrefusjon: 53. mill kroner

Tilskot frå husbanken til sjukeheimplassar: 97,5 mill. kroner

Tilskot frå husbanken til dementplassar: 49,2 mill. kroner

Artikkelen held fram under annonsen.

Tomteinnløysing: 20 mill. kroner

Sum: 219,7 mill. kroner

- Dermed må rådmannen ta opp eit lån på 66,3 mill. kroner, sa Døsen.

36 mill. høgare driftsramme

Politikarane fekk presentert nye behov for driftsmidlar av Nils-Petter Borge. Han estimerte at frå 2020 vil det kosta 36 mill. kroner ekstra å driva Luranetunet.

- Det er mykje pengar. Men me tek det som ei gradvis opptrapping over tre år. Dessutan vil me tena noko inn att gjennom innspart vikarbruk, sa Borge. Han fortalte ei historie som synte korleis noko høgare grunnbemanning gjer at ein tener i det lange løp.

- Då eg hadde ansvaret for Aleris på Luranetunet hadde eg samtidig ansvaret for ei avdeling på Nesttun. På Nesttun var dei tre tilsette på 10 bebuarar, medan me i Os var to tilsette på åtte bebuarar. Sjefen min spurte stadig kvifor me hadde så høge vikarkostnader i Os, men ikkje på Nesttun. Forklaringa låg i at ein kan greia seg med to tilsette ein kort periode, men ein greier seg ikkje med berre ein, sa Borge.

At prosjektramma er noko i overkant av kva som ligg i investeringsramma, er på det reine, og Døsen sa at dersom politikarane ikkje vil betala for det, må ein kansellera prosjektet som ligg i bordet.

Imponerte politikarar

- Eg er imponert over dette ambisiøse prosjektet. Det vil gje ein god livskvalitet for bebuarane i tida framover, sa varaordførar Marie Bruarøy (H).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg skal ikkje bu her på ei stund, men det er utruleg kjekt at me har folk som torer å tenkja så visjonært, og prøver noko som ikkje har vore prøvt før, sa Jon Sivert Rykkel (V).

- Dette var akkurat som forventa frå den gjengen som står bak, sa Lars Atle Skorpen (Ap).