Olaug Værland har arbeidd som rektor ved Strandebarm skule i 13 år.
Olaug Værland har arbeidd som rektor ved Strandebarm skule i 13 år.

- Viktig med ny skule

Medan Fusa kommune skal gjennom ei endring i skulestrukturen det neste halve året, har kvemmingane alt vore gjennom ei stor endring.I august 2008 flytta elevar frå fire grendaskular inn i ein heilt ny skule på Tangerås i Strandebarm.

- Det var det faktum at det skulle byggjast ny skule som fekk samanslåingsprosessen til å skyta fart, seier tidlegare rektor ved Strandebarm skule, Olaug Værland.

Vedtaket gjorde at dei fire bygdene hadde noko felles å arbeida mot. Det fekk ifølgje Værland prosessen til å bløma.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi hadde ein ny, felles arena. Alle var med på flytteprosessen, og alle kom inn i den same bygningen samtidig. Det var veldig, veldig viktig, seier Værland.

- Vi hadde felles trøst i felles skjebne. Kvam herad bygde ut skulen i Strandebarm på ein måte som tente alle dei små grendene ganske godt, seier rektor ved det som tidlegare var Innstranda skule, Øyvinn Askeland.

Både Innstranda skule og Mundheim skule hadde så få elevar då strukturendringane vart føreslegne, at ei endring truleg var uunngåeleg.

- Vi såg at skulen innan kort tid ville ha for få born. Difor hadde vi ikkje så store innvendingar mot det som skjedde. I alle fall ikkje då. Vi hadde hatt det tidlegare, men då var vi langt fleire elevar, seier Askeland og legg til:

- Summa summarum vart det ikkje så ille.

Ingen bygdestrid

Det som uroa innbyggjarane på Innstranda mest, var korleis det sosiale livet i grenda kom til å bli når skulen vart nedlagt.

- Men det har ungdomslaget, 4H og grendeutvalet teke seg av. Vi har 17. mai-tilstellingar og julefestar på skulen som tidlegare, seier Askeland.

- Det er ikkje tvil om at skulen er ein viktig del av ei aktiv bygd, seier leiar i grendeutvalet på Mundheim, Peder Nernæs.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er lettare å få unge folk til å flytta til bygda dersom det er skule og butikk der, men har du ein fin plass å bu, så køyrer du gjerne 15 minutt ekstra for å koma deg i barnehagen. Det er ikkje alfa og omega å ha skulen rett i nærleiken, seier han.

Nernæs er samd i at den nye skulen i Strandebarm har mykje av æra for at ting gjekk så bra som det gjekk.

- Bygdestriden vart sett til sides. Folk klarte å samla seg om eit felles prosjekt. Elevane vart ikkje trykte saman i eit gamalt bygg, påpeikar han.

Større sosialt og fagleg miljø

Værland fortel at skulane samarbeidde godt i forkant av samanslåingsprosessen. Det vart mellom anna arrangert felles personalmøte, felles elevrådsmøte og felles foreldremøte, i tillegg til at elevane frå alle dei fire skulane fekk ta del i eit utsmykkingsprosjekt på den nye skulen.

- Det er sjølvsagt utfordrande å få ulike kulturar frå ulike skular til å smelta i saman, men i tillegg til jobben som måtte gjerast når samanslåinga fann stad, gjorde vi ein stor innsats i forkant, seier Værland som arbeidde som rektor ved Strandebarm skule i 13 år.

Ho vil rosa foreldra som, då vedtaket var gjort, var flinke til å arbeida ut frå den ståstaden.

- Foreldra jobba aktivt i lag for at den nye skulen skulle verta ein god skule for alle dei fire grendene, seier Værland.

- Det kan sjølvsagt framleis vera litt sårt å ikkje ha skule i bygda, men for elevane sin del trur eg dei fleste er nøgde med den prosessen som har vore. Elevane har fått eit større sosialt og fagleg miljø, og dei tilsette har fått høve til å vera meir fagspesifikke, seier rektoren og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Strandebarm er framleis ein liten skule i norsk målestokk.

- Nokre endringar vart det sjølvsagt då skulane vart slegne saman. Uteskule éin gong i veka, slik som vi hadde, vart det til dømes slutt på. Likevel trur eg dei fleste opplevde samanslåinga som positiv. Strandebarm er ein fantastisk skule, og då eg slutta på skulen, hadde lærarane kring 17 elevar i kvar klasse. Det bør ein kunna handtera, meiner Askeland.