Omer Bhatti til Vinnesfestivalen
Årets Vinnesfestival blir av det dansbare slaget, med både Omer Bhatti og Juice Crew på programmet.
Det er på ungdomskvelden fredag at den profilerte dansaren og artisten Omer Bhatti entrar scena. Med seg får han bronsevinnarane frå Norske Talenter 2014, dansegruppa Juice Crew.
Konserten er for publikum frå sjuande klasse og til og med fylte 17 år. Her nyttar det altså ikkje å snika seg inn for vaksne.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi oppmodar alle som har lyst til å møta Omer Bhatt til å delta i ein konkurranse om fire backstage-pass, seier festivalleiar Rune Bergheim.
Torgdag
Laurdag blir det tradisjonen tru Torgdag med lokale innslag.
- Dette er viktig for oss. Fusa har mange flotte representanter innanfor husflid og kultur, og desse vil vi vera med på å framheva, seier Bergheim.
Som alltid vert det talentkonkurranse med Fusa Got Talent. I tillegg vert det familieshow med buktalar, tryllekunstnar og komikar Erik Mogeno, også han kjend frå Norske Talenter.
På kvelden tek artistane Gina Aspenes, Orbo og Twang Gang ferja frå Hatvik for å laga heidundrande konsert i fjøresteinane på Vinnesholmen.
Søndag ettermiddag blir det vakker konsert med songar Åsne Sunniva Søreide og cellist Johann Sebastian Blum i Bedehuset Fredheim.