Skal drøfta flyktningbustader i Eikelandsosen
Onsdag morgon skal formannskapet i Fusa diskutera bustader for flyktningar. Ny firemannsbustad i Eikelandsosen er eitt av forslaga.
-Dette ligg inne i forslag til budsjett. Etter komande møte veit me meir om kva som vil skje på framover, seier ordførar Atle Kvåle.
På formannskapsmøtet vil ein starta med ei orientering om situasjonen for flyktningarbeidet i kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
-I budsjettet blir det føreslått å byggja ein firemannsbustad på ei kommunal tomt bak Fusa bu- og behandlingssenter, og kjøp av eitt husvære. Men me må vera budde på at situasjonen endrar seg heile tida, så me må ha tak i hus, seier ordføraren.
Han fortel at bustadane det er snakk om, må liggja i Eikelandsosen. Dette fordi det skal vera kort avstand til tilbod som er ein del av det obligatoriske introduksjonsprogrammet for flyktningar.
X-ar og Y-ar
Om det går slik Kvåle ønskjer, håpar han firemannsbustaden står ferdig i løpet av 2016. Gunstige lån frå Husbanken er noko som gjer bygginga lettare å realisera.
- Me har vedteke å ta i mot 20 flyktningar i 2016. Men situasjonen kan endra seg. Statsbudsjettet veit me enno ikkje alt om. Her er det svært mange x-ar og y-ar, fortel Kvåle.
Ordføraren reknar med at det er brei politisk semje om at det skal byggjast bustader for flyktningar i Eikelandsosen. Om ein skal byggja andre stader i Fusa også, vil det sannsynlegvis vera delte meiningar om.
- Når introduksjonsprogrammet er ferdig, kan flyktningane busetja seg kor dei vil. Kommunen som utbyggjar må tenkja over kva andre føremål bygga kan brukast til seinare, avsluttar Kvåle.