Stolte Søre Neset-jenter etter sigeren i Lagunen Fotballfest. Heilt framme med pokalen, ein like stolt trenar, Sverre Johan Fløysand.
Stolte Søre Neset-jenter etter sigeren i Lagunen Fotballfest. Heilt framme med pokalen, ein like stolt trenar, Sverre Johan Fløysand.

Herleg avslutning for Søre Neset jenter 12

I sin siste cup som reint Søre Neset-lag gjekk jenter 12-laget til topps i 13-årsklassen i Lagunen Fotballfest.

Det sterke 12-årslaget til Søre Neset har nærast vore uslåeleg i ei årrekkje. I helga spelte den samansveisa gjengen sin siste cup som tilnærma reint Søre Neset-lag.

- Me hadde eit par som var sjuke, så me fekk med oss Tale Skeie, Celina Eide Døsen og Tuva Berge frå Nore Neset. Elles var me utelukkande Søre Neset-jenter, fortel trenar Sverre Johan Fløysand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå og med neste år vert dei ferske vinnarane av Lagunen Fotballfest slått saman med 2003-laget til Nore Neset.

Golden goal

Ettersom det ikkje er eigen klassen for jenter 12-årslag, stilte sørenesingane i 13-årsklassen. Dei raudkledde starta fotballfesten med å vinna alle sine tre kampar i innleiande runde. Etter det slo dei Sandviken 4-1 i kvartfinalen, før dei fekk ei hard nøtt med å tukta Bjarg i semifinalen.

- Det var kanskje den tøffaste kampen jentene våre har spelt på fleire år. Det stod uavgjort ved full tid og me mått til ekstraomgangar før avgjerda falt, fortel trenar Fløysand.

Søre Neset-kaptein Lennea Hjelle Fløysand vart kåra til banens beste i finalen. (Privat foto)
Søre Neset-kaptein Lennea Hjelle Fløysand vart kåra til banens beste i finalen. (Privat foto)
Os jenter 14 gjekk også til topps i Lagunen Fotballfest i helga. (Privat foto)
Os jenter 14 gjekk også til topps i Lagunen Fotballfest i helga. (Privat foto)

Den store helten vart Malin Ludvigsen. Eitt minutt ut i første ekstraomgang skåra ho og sende dermed Søre Neset til finalen på golden goal.

Sterk generasjon

I finalen møtte dei Nore Neset sitt jenter 13-årslag. Trass i aldersskilnaden var det aldri tvil om kven som var best.

- Nore Neset skapte ikkje all verda. Sjølv skåra me tre mål og vann dermed fullt fortent 3-0, fortel Fløysand.

Han ser fram til å følgja jentene framover.

- Både Os, Nore Neset og Søre Neset har fleire gode generasjonar med jente-spelarar. No gler eg meg til å følgja jentene våre vidare på det samansette laget til Nore Neset neste år, seier Fløysand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andrine Kvittingen skåra to, og Celina Eide Døsen skåra eitt mål i finalen.

At 12-årsgenerasjonen er sterk er det ingen tvil om. Tidlegare i haust tjuvstarta det samansette jenter 12-årslaget ved å vinna MX-cup på Nore Neset og Nesttun vintercup.

Martine Nagelsen-Balland blei den store helten den gongen. Ho skåra to mål og blei kåra til banens beste.

Fekk spissa laget

Også Os jenter 14 gjekk til topps i Lagunen Fotballfestival. Trenar Frode Lundegren er strålande nøgd med jentenes innsats.

- Dette var ein skikkeleg lagsiger, men eg må vedgå at cup-sigeren også kjem som eit resultat av at me til ein viss grad spissar laget. Me har 25 flinke jenter, men nokon er betre enn andre, og skal ein nå langt i slike cupar, må ein la dei beste spela mest, poengterer trenaren.

I finalen slo Os-jentene Vestsiden-Askøy 4-1.

- Det var ein relativt jamn førsteomgang, men etter at me gjekk opp til 2-1 etter pause, måtte Askøy-laget høgare på banen. Det gav rom for våre raske angriparar, fortel Lundgren.

Os sine målskårarar i finalen var Vilde Veglo, Tuva Solberg, Agathe Lekven og Malene Fagerthun.

Artikkelen held fram under annonsen.

Storm i vatnglass

Os-juniorane viste seg også fram i helga. Dei stilte med tre lag, og to av laga, Os 1 og Os 3, tok seg heilt til finalen. Os 2 tapte for Os 1 i kvartfinalen.

Os 1 stod att som vinnarar av juniorklassen med 2-1-siger over lagkameratane frå Os 3 i finalen.

Nore Nesets gutar 16 tok seg til semifinalen, sjølv om dei tapte mot Os.

- Os fekk to lag diskvalifiserte fordi dei brukte to spelarar som dei ikkje hadde lov til å bruka, seier dagleg leiar i Nore Neset Idrettslag, Jarle Heltne og held fram:

- Os gjorde ein menneskeleg tabbe, og det heile er ein storm i eit vatnglass. Dei brukte ein keeper på to lag, og Lysekloster-spelar Harry Moore. Hadde dei søkt om å få lov til dette, så hadde det heile vore uproblematisk.

Nore Neset tapte 4-1 mot Gneist i semifinalen, og enda på fjerdeplass.