Maciej Radecki og sambuar Loren Ditmarsen har stor tru på Engevik Gard som serveringsstad og turistdestinasjon.
Maciej Radecki og sambuar Loren Ditmarsen har stor tru på Engevik Gard som serveringsstad og turistdestinasjon.

Nye Engevik Gard

- Eg trur de har forandra dåke litt sidan desse bileta vart tekne, seier dottera Loren Ditmarsen. -Oh, shut´up. Men det har no du óg frøken, seier mora Anne Ditmarsen spøkefullt.

Morten Holmefjord

flag2x3@gmail.com

Artikkelen held fram under annonsen.

Me sit i daglegstova på Engevik Gard over rykande kaffikoppar: Mor og dotter, sambuaren Maciej Radecki og stamhusbesittaren sjølv, Lars Johan Ditmarsen. På bordet ligg avisutklipp frå embetsmannssgarden sidan han vart opna for publikum 11. juli 1993. Det har skjedd litt av kvart oppgjennom. Dronningbesøket i 1994 har sitt eige album. På dei snart 22 åra har drifta forandra seg fleire gonger. Den opphavlege ideen var å vera eit levande museum i helgane.

Gudruns glansdagar

-Me hadde bakstekoner i eldhuset, det vart kinna smør og eg laga muskettkuler til ungane i smia, fortel Lars Johan.

Høner trippa rundt i tunet og den berømte geita Gudrun hadde si glanstid. Helgegjester og busslaster med turistar fekk servert betasuppe.

Loren, Lars Johan, Anne og Maciej framfor slektsveggen i bestestova i huset frå 1700-talet.
Loren, Lars Johan, Anne og Maciej framfor slektsveggen i bestestova i huset frå 1700-talet.
Pirogi med laks og rømme attåt er kraftkost av beste merke.
Pirogi med laks og rømme attåt er kraftkost av beste merke.
Med ny utescene vil det bli plass til fleire folk på pubkveldar og andre arrangement. Her står dei i døra på hovudhuset og ventar som oss andre på sommaren.
Med ny utescene vil det bli plass til fleire folk på pubkveldar og andre arrangement. Her står dei i døra på hovudhuset og ventar som oss andre på sommaren.

Skjenkjeløyvet kom i 1996 og etter dette vart puben viktigaste inntektskjelde nokre år, og kulturformidlinga kom litt i bakgrunnen.

Arrangement ute

Så vart det lagt vinn på restaurantdrifta, med breiare meny, bursdagsfeiringar og private arrangement. Cateringdelen er enno viktig og har teke seg opp dei siste åra med snittar, koldtbord og varmmat. Og om ein er fire, fem stykke pg vil ha seg ein trerettars middag, står endeleg tungrinda open. Pubdrifta er mest hobby, med unntak av kveldar med musikk med til dømes Hanseatane Blueslag.

-Når scena står ferdig vil det bli mogeleg med fleire utearrangement, fortel Lars Johan.

Prosjekt

Loren og Maciej traff kvarandre på Solstrand HOtel & Bad der dei har jobba i høvesvis fire og fem år. Dei er begge fulle av pågangsmot når dei no skal overta drifta av Engevik Gard. I første omgong er dette eit prøveprosjekt der dei vil arbeida begge stader.

-Me har nokre nye idéar for denne historiske staden, og vil visa han fram for fusingar og turistar. Det blir interessant å sjå korleis dei reagerer, seier Maciej.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein vri

Når det gjeld maten, vil dei servera både norsk og polsk tradisjonsmat, noko av det med ein liten vri som vil vera ny både for nordiske og kontinentale ganer.

-Både det norske og polske kjøkenet har mykje til felles og er kraftig kost. Det polske er gjerne rikare på smak. Nye impulsar er alltid bra, meiner Anne.

Døme på polsk mat er pirogi, ein type mjølbollar med ulike typar fyll, som til dømes hytteost, svinekjøt - eller som her på Engevik Gard: Med laks.

-Det er det som er idéen vår: Å laga noko nytt av rettar folk kjenner frå før. Med så mykje god fisk og sjømat som finst i Noreg, er det naturleg å nytta seg av det, seier Maciej.

Interesse

Vonde tunger skal ha det til at Sævareidfjorden og Engjavikjo ikkje ligg sentralt til. Dei om det. Uansett er det viktig med marknadsføring. Anne innrømmer at dei nok ikkje har vore flinke nok til å selja plassen. Ein skal vita kva ein har, men helst ikkje seia det for høgt. Her er det i alle høve mykje historisk å spela på, som andre etablissement kan sjå langt etter.

-Om nokon verkeleg er interessert, er det ikkje noko problem å køyra halvannan time, trur Loren.

Mellom to kaffiskvettar

Det er altså andre bollar i tunet. Nettsida har fått seg ei overhaling med tekst på norsk, engelsk og polsk, kanskje med tida også fransk og spansk. Betre skilting er også ein idé. Det kan no vera greitt å vita at ein kan svinga av til embetsmannsgarden før ein køyrer forbi avkøyrsla.

Med dette pratet om ulike språk, kviknar stamhusbesittaren til mellom to kaffiskvettar. Nokre italienske bubilturistar har feriert i Sævareid i fleire år kan han fortelja. Og det blir sikkert fleire i åra som kjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

-Det blir viktig å få på plass bubilparkering, der er det nok ein stor marknad. Bubilane er som fritidsbåtane - dei liker ofte å reisa fleire i lag, meiner Lars Johan.

Engevik Gard opnar for sesongen laurdag 13. juni.