Kritisk til vegvesenets handtering av veg-stenging
Os kommune fekk korkje melding om stenging eller at vegen var opna att då fleire tre fall over Hegglandsdalsvegen i nyttårshelga.
Jostein Halland
jostein@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Fylkesveg 137 i Hegglandsdalen var stengd gjennom heile nyttårshelga då fleire tre fall over vegbanen, og faren for nye trevelt gjorde oppryddingsarbeidet vanskeleg. Hendinga gjorde at delar av kommunen måtte ha "tilførselsveg" via Samnanger og Bergen.
Får store konsekvensar
I eit brev til Statens vegvesen har brannsjef Stein Gjøsund sett store spørsmålsteikn ved handteringa av stenginga frå vegvesenet si side.
- Ei slik stenging får store konsekvensar for drifta av samfunnet og reduserer beredskapen vesentleg, skriv Gjøsund.
Han stiller eit prinsipielt spørsmål om kven i Statens vegvesen som tok avgjerda om at vegen ikkje skulle opnast opp før etter helga og ikkje så snart det var praktisk mogleg.
- Det er også av interesse å få vite på kva nivå i forvaltinga hos Statens vegvesen denne type avgjerder blir tatt, skriv Gjøsund.
- Ikkje godt nok
I følgje brannsjefen fekk Os kommune ikkje noko varsel om at vegen vart sperra, heller ikkje når området var rydda og vegen var køyrbar igjen.
Brannsjefen er beredskapsansvarleg, og er kjent med at naudmeldingssentralane fekk melding, men at Os kommune, "som har viktige funksjonar av beredskapsmessig karakter", ikkje fekk melding.
- Dette er ikkje godt nok, fastslår Gjøsund, og viser til at kommunen har kontinuerleg ansvar for legevakta i Samnanger og Os kommune, heimesjukepleien med pasientar i krinsane, heimehjelpstenesta, utkøyring av mat til eldre og uføre og teknisk vakt på installasjonar og vegar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han oppmodar Statens vegvesen til å ta ein gjennomgang av sine rutinar, slik at ein unngår denne typen hendingar i framtida.
- Eit robust samfunn må være systemstyrt og ikkje slik at det er personkjennskap som styrer når vegen opnar, avsluttar Gjøsund.