Elevvekst: Fjorårets rekord fell til neste år
Os-skulane får eit nytt historisk stort elevkull å hanskast med. Rådmannen føreslår likevel ikkje å auka driftsrammene for området.
ØYSTEIN LID
ol@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Då det historisk store 2008-kullet skulle begynna i første klasse i fjor, var ikkje politikarane heilt klare over situasjonen som heldt på å oppstå. Sidan dei 332 nye elevane erstatta eit kull på 209 elevar vart nettoveksten på 123 elevar. Dette utløyste behov for å oppretta nye klassar. Samtidig var det ikkje politisk vilje til å bussa elevar til dei skulane med god plass (som Søfteland skule). I eit hastevedtak vart det i staden vedteke å utvida på Kuventræ skule, for å gje rom for fleire elevar.
- Fjorårets rekordstore kull fekk mykje merksemd. Å ta imot så mange er krevjande, både med tanke på personalressursar og kapasitet i skulebygga, seier kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye.
To nye klassar
Kva politiske utfordringar ligg så framføre svingen til neste år, når eit endå større kull skal innlosjerast på Os-skulane? I den nyleg publiserte 2. tertialrapport 2015 kan ein lesa om nokre av dei. Til saman er det 334 nye elevar som startar, og desse vil fordela seg slik på skulane:
Kuventræ: 61
Nore Neset: 52
Os: 51
Lunde: 46
Lysekloster: 35
Artikkelen held fram under annonsen.
Søfteland: 29
Halhjem: 24
Søre Øyane: 20
Hegglandsdalen: 10
Strøno: 6
Igjen er det Kuventræ skule som får brorparten av elevtalsveksten, og som truleg må oppretta ein ny klasse. Men også Lysekloster skule får ein kraftig vekst, med ei dobling av talet førsteklassingar samanlikna med i år. Medan det berre var 17 nye førsteklassingar som tok til i førsteklasse i haust, vil det bli 35 til neste år.
Mellom anna på grunn av utbygginga på dei to nemnde skulane, er det ikkje problem å få plass til alle, som ved sist krossveg.
- Me har nok klasserom tilgjengeleg for dei skulane som treng å oppretta nye klassar til neste år, seier Rye.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lunde skule og ny skule
Med stort kull både til neste år og året etter det, blir det likevel stadig trongare på skular i sentrale strok.
- Dette er årsaka til at me har sett i gang sentrumsskuleprosjektet, seier Rye.
Dette går ut på å sjå den samla kapasiteten på skulane Kuventræ, Lunde og Os med tanke på framtidig behov. Å utvida på Lunde barneskule kjem no først i rekkja, der vona er å starta bygging i mai 2016, slik at arbeidet kan vera ferdig hausten 2017. Deretter kjem bygging av ny skule "aust om elvo".
Fleire elevar, færre lærarar
Medan sjølve klasseromskapasiteten dermed er god nok i nær framtid, og planar er lagt for kapasitetsutviding, trykkjer skoen meir kva gjeld bemanningssituasjonen.
Ser ein på dei siste par åra har ein krympande lærarstab måtta takla ein aukande elevmasse. Frå 2012 til 2014 vaks talet elevar med frå 2473 til 2642 (169 nye elevar). I same periode gjekk talet lærarar ned frå 207,6 årsverk i 2012 til 202,7 i 2014. Talet assistentar/fagarbeidarar gjekk frå 42 til 38,7. Lærartettleiken har altså gått nedover.
Nullvekst i rammene?
Samtidig gjev rådmann Knut Terje Rekve signal om at det ikkje ligg an til noko auke i rammene: "Årets driftsbudsjett vert utgangspunkt for områda sine driftsrammer for 2016", skriv Rekve i framlegg til vedtak som politikarane får på sitt bord på torsdag.
- Korleis går det i hop at rammene ikkje skal auka, samtidig som nye klassar jo krev høgare bemanning?
- Me jobbar med å sjå på korleis me kan løysa driftsutfordringane for alle tenestene no når haustens budsjett vert lagt. Men slik det har vore i Os, får skulesektoren friske midlar først når det vert oppretta nye klassar, seier Rye.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ifølgje tal frå økonomirådgjevar Jannicke Mitsem, kostar det ca. 720.000 kroner årleg å oppretta ein ny klasse på 1. - 4. trinn. Det dekkjer ein kontaktlærarar og undervisning i alle timar.
Eit urealistisk ønske
I tertialrapporten skriv Line Rye at det er ønskjeleg å få opp talet pedagogar i skulen, men ho vedgår at det er lite som tyder på at dette ønsket vil bli oppfylt med det første.
- Me har ikkje meir midlar enn dei me har. Så sjølv om me gjev dette signalet no, så er det ikkje å forventa at det vert frigjeve mykje driftsmidlar utover det som går til nye klassar. Det har jo med kommunens totale driftssituasjon å gjera, seier Rye og viser til det nyleg framlagte statsbudsjettet som heller ikkje gav noko særleg påfyll for å auka lærartettleiken. Os kommunes samla overføringar frå staten er framleis blant dei lågaste i landet.
Politisk behandling
Tertialrapporten kjem til politisk behandling på torsdag, då formannskapet har møte. Deretter blir det opp til kommunestyret og fatta endeleg vedtak. Utover hausten vil budsjettarbeidet gje svar på om det finst noko rom for vekst i rammene til området oppvekst- og kultur.