Snart klart for unike skapingsdagar
- Skapingsdagane er eit slags SFO-tilbod for sju- og åtteåringar. Opplegget vi har i Os kyrkjelyd er eit unikt trusopplæringstilbod, seier Gro Helen B. Skjælaaen.
Skapingsdagane såg dagens ljos for første gong i fjor. Os kyrkjelyd har fått med seg kunstnarar innan måling, drama, dans, trommer, foto og leire, slik at borna får utfalda seg.
- Det er tre skapingsdagar der borna får velja mellom dei ulike kursa. Dei får skapa, og gjera ting som dei ikkje har gjort så mange gonger før, fortel trusopplæringsmedarbeidar Skjælaaen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eit fantastisk opplegg
Etter at kristendomsfaget vart teken bort frå skulen, er det no kyrkja som har tatt ansvaret med å læra born om Gud og Jesus.
- Trusopplæringa går ut på å få høyra om skapingsforteljinga frå bibelen og at vi trur dei er skapte i Guds bilete. Dei får høyra om at dei er heilt unike med kreative evner for å skapa nye og unike ting, seier Skjælaaen.
Mange av trusopplæringstiltaka er nasjonale, men opplegget til Os kyrkjelyd er unikt.
- Det er laga her i Os. Det er eit fantastisk opplegg, der borna får læra av kunstnarar, seier Skjælaaen og held fram:
- I fjor var det 64 påmelde. Vi har sendt ut invitasjonar for i år, og det er førstemann til mølla. Vi kan maks ta inn 80 born, seier ho.
Pinsevandring til helga
Til helga er det også trusopplæringstiltak for tiåringar på programmet. Då er det pinsevandring på pilegrimsvis. Det går føre seg i Lyse Kloster-ruinane i sambarbeid med speidaren.
- Her får borna bli betre kjende med kva som hende med venene til Jesus i pinsa, historia rundt ruinane og Munkestien. Dei får løysa spanande oppgåver på postar rundt i området. Kanskje treffer dei også på nokre munkar, seier Skjælaaen.