Finn tilbake til gleda med symjinga
Årets sommarsesong vart tøff og hard for Ariel Braathen. No tek ho ekstraøkter i Osbadet for å finna tilbake til gleda ved å symja.
- Det har vore mykje fokus på tider og krav denne sesongen. I så måte trong eg eit pusterom der eg berre kan fokusera på å symja og ha det moro, seier 17-åringen til Os og Fusaposten.
I samband med dette har ho i haust funne vegen tilbake til der det heile starta, Osbadet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er kjekt å vera tilbake i Osbadet. Eg trenar der kvar torsdag og det er kjekt å få tips og innspel av gamletrenarane Elin Austevoll og Thomas Harlem. I tillegg får eg høve til å gje noko tilbake til gamleklubben i form av å inspirera yngre symjarar i klubben, fortel Ariel.
Mange flinke brystsymjarar
Noko som gler ho litt ekstra er at gamleklubben ser ut til å få fram stadig nye gode brystsymjarar.
- Eg veit ikkje om det er noko kubben satsar bevisst på, men eg har i alle høve lagt merke til at fleire av dei unge utøvarane er sterke på denne disiplinen, seier Ariel.
Sjølv om ho no er inne i ein periode der det skal handla mindre om tider og meir om moro, er det på langt nær slik at ho trenar mindre.
- Nei, det vert bra med økter - måndag, tysdag og fredag har eg tre økter inkludert ei styrkeøkt, onsdag er det ei symjeøkt, og ingen styrke, torsdag har eg tre økter, der den eine finn stad i Osbadet, samt litt styrke i forkant av økta, og på laurdagane har eg to økter inkludert ei styrkeøkt. Det blir godt med mengdetrening, fortel søftelendingen som i vår sette to nye juniorrekordar under Bergen Swim Festival i ADO Arena.
17-åringen skal òg byrja å trena i lag med mentaltrenar via Elitesenteret/landslaget.
På høgdetrening
Om halvanna veke reiser 17-åringen på samling med seniorlandslaget. Turen går til høgfjella i Sierra Nevada i Spania, der ho og fire landslagskollegaar skal bu og trena på 2.400 meters høgde i tre veker.
- Når blir neste konkurranse?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det blir Nordsjøstevnet i Stavanger i november. Der har eg planer om å delta i mange øvingar, og berre ta meg ut og ha det moro.
- Ingen sigersplanar?
- Mest ha-det-moro-planar.
Det er Nordisk meisterskap og VM i kortbane i desember. Har du sjanse til å kvalifisera deg?
- Eg tenkjer ikkje så mykje på det. Dersom eg klarar å kvalifisera meg, så tek eg det som ein bonus, avsluttar Ariel.