Innta startposisjonane – klar, ferdig, løp!
Kring 140 born stilte til start i Osløpet i føremiddag. Alle gav alt, og meir til.
Like etter klokka 12 gjorde første pulje i Osløpets barneløp seg klare til start på torget på Osøyro.
Éin etter éin vart borna i alderen 3–6 år ropte opp. Deretter stilte dei seg på startstreken, og i det startpistolen lydde, freste dei avgarde i regnklede, parkdressar og treningstøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vêret var ikkje av det beste, men tunge regndropar og vind la overhovud ingen dempar på stemninga i feltet. Her var det full gass frå første stund.
Mona Riis Gulbrandsøy (6) er med i Osløpet for andre gong. Ho skulle eigentleg løpa i lag med kusina Anna Sunde Gulbrandsøy (5), som hadde teke turen frå Stavanger, men då startskotet gjekk, slo konkurranseinstinktet inn. Dermed vart det andreplass på Mona.
– Det var kjekt å løpa, men òg litt slitsamt, fortel dei to kusinene.
– Løp åleine heile vegen
Aurora Alvheim Skåtøy (3) og storesøstera Alvilda (5) deltok også i den yngste barneklassen i Osløpet. Søstrene var med for første gang, og synest det var stor stas.
– Eg løp åleine heile vegen, utan å halda i handa. Pappa løp bak meg, fortel 5-åringen.
Etter at dei yngste hadde fullført sitt løp, var det tid for deltakarane i alderen 7 til 9 år. Deretter stod 10–12-åringane for tur.
Når alle var komne i mål, var det tid for medaljeseremoni. Alle som deltok fekk medalje. I tillegg kunne borna velja seg ein liten ekstrapremie som takk for den flotte innsatsen.
camilla.kvamme@osogfusa.no